Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Famotidin som erstatning for ranitidin



Fråga: I samband med mangel på ranitidin grunna funn av forureining i produktet, kan famotidin (Pepcid) brukast over lengre periodar? Spørsmål frå allmennlege.

Svar: Ved mangelsituasjonar publiserer Legemiddelverket råd til legar, apotek og pasientar på sine nettsider. Lenke til desse er òg tilgjengelege via Felleskatalogen. For ranitidin oppgjevast famotidin som eit alternativt legemiddel (1).

Det er liten forskjell mellom ranitidin og famotidin kva gjeld farmakologiske eigenskapar, effekt og biverknader (2, 3). Ranitidin har vore på marknaden noko lengre enn famotidin, og marknadsførast både i reseptfrie og reseptpliktige styrkar og pakningsstorleikar, i tillegg til fleire formuleringar, medan famotidin berre marknadsførast som reseptfrie tablettar (2).

I reseptfrie pakningar av både ranitidin og famotidin oppgjevast det at maksimal behandlingslengde er to veker (2). Dette skuldast at desse styrkane og pakningsstorleikane nyttast til eigenomsorg. Etter føreskriving frå lege, kan famotidin brukast på lik linje med ranitidin, gjeve at pasienten har effekt av behandlinga.

Famotidin er omlag 8 gonger meir potent enn ranitidin, og 20 mg famotidin tilsvarar 150 mg ranitidin (4).

KONKLUSJON Famotidin har liknande eigenskapar og kan brukast på lik linje som ranitidin etter føreskriving frå lege, gjeve at pasienten har effekt av behandlinga. Famotidin 20 mg tilsvarar 150 mg ranitidin.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Mangel på ranitidin-holdige legemidler. http://www.legemiddelverket.no/ (Publisert: 19. september 2019).
  2. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Zantac (Sist oppdatert: 15. juli 2019), b) Ranitidin (Sist oppdatert: 25. juni 2019), c) Pepcid (Sist oppdatert: 24. september 2018). https://www.legemiddelsok.no/
  3. Vakil NB. Antiulcer medications: Mechanism of action, pharmacology, and side effects. Version 22.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 3. september 2019).
  4. Micromedex® 2.0 (online). a) Famotidin (Sist oppdatert: 6. september 2019), b) Ranitidin hydrochloride (Sist oppdatert: 4. september 2019) (Drugdex System). https://www.helsebiblioteket.no/