Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Lerkanidipin og negativ effekt på tannkjøtt



Fråga: Finst det dokumentasjon på at lerkanidipin har negativ effekt på tannkjøtt eller tenner? Ein pasient med høgt blodtrykk og diabetes, som blant anna bruker lerkanidipin, har fått beskjed av sin tannlege at denne helst bør erstattast med eit anna antihypertensivum, grunna at pasienten har gingivitt. Spørsmål frå allmennlege.

Svar: Kalsiumantagonistar og påverknad på tannkjøtt
RELIS har tidlegare skrive om problemstillingar knytta til bruk av kalsiumantagonistar og påverknad på tannkjøtt (1-3). Til dømes har det vore nemnt at antihypertensiva kan auke risikoen for gingivitt gjennom å indusere munntørrheit eller gingival hyperplasi (1).

Gingivitt eller munntørrheit er ikkje oppgjeve som kjende biverknader i preparatomtalen til lerkanidipin (4), men munntørrheit er rapportert for andre kalsiumantagonistar (5). Kalsiumantagonistar er blant dei tre legemiddelgruppene som er mest kjend for å kunne gje gingival hyperplasi, eller legemiddelindusert gingival overvekst (LIGO) (3, 6, 7).

Årsaka til LIGO ved bruk av kalsiumantagonistar er antatt trigging av cellulære mekanismar i tannkjøttet som fører til endra kalsiummetabolisme og auka vevsdanning, i hovudsak fibrose. Det kan òg oppstå varierande grad av inflammasjon i samband med dette, grunna akkumulering av bakteriell biofilm og vanskeleggjering av oral hygiene. LIGO som følgje av kalsiumantagonistar kan oppstå innan dei første tre månadane etter oppstart med legemidlet, men er også rapportert seinare i behandlingsperioden (6, 7).

Blant kalsiumantagonistane er det nifedipin som hyppigast er rapportert å kunne bidra til LIGO, men det er ikkje klarlagt om førekomsten er høgare som følgje av høgt forbruk og høgare rapporterting, eller om den kan skuldast farmakologiske forskjellar, til dømes feittløyselegheit (3, 6, 7). For lerkanidipin er gingival hypertrofi oppgjeve i preparatomtalane som ein biverknad som oppstår svært sjeldan (<1/10 000) eller med ukjend frekvens (4). LIGO reknast likevel som ein gruppeeffekt av kalsiumantagonistane, og derfor tilrådast det eventuelt byte til andre typar antihypertensiva ved LIGO mistenkt årsaka av kalsiumantagonistar (3, 6, 7).

LIGO forsvinn som regel av seg sjølv om ein seponerer legemidlet, og i somme tilfelle kan dosereduksjon vere tilstrekkeleg. Dersom seponering, dosereduksjon eller terapibytte ikkje er ønskjeleg eller mogleg, kan god oralhygiene, særskilt reduksjon av plakk, hjelpe for å redusere og førebyggje tilstanden. Kirurgisk fjerning av det overflødige tannkjøtet (gingivektomi) kan vere aktuelt ved uttalt LIGO, men det er viktig å vere klar over at dersom ein ikkje seponerer legemidlet, vil LIGO kunne residivere etter ei tid (3, 6, 7).

Diabetes og orale komplikasjonar
Det er verd å nemne at diabetes også er assosiert med ein auka førekomst av munn-, tann- og tannkjøttsjukdommar, inkludert gingivitt og munntørrheit. Grad av glykemisk kontroll innverker på både utviklinga og alvorsgrada av tannkjøttproblem hos pasientar med diabetes, og god glykemisk kontroll er såleis viktig for å redusere denne typen problem. Vaskulær skade og andre metabolske forstyrringar assosiert med diabetes kan òg tenkjast å spele ein rolle i den auka risikoen for orale komplikasjonar (8).

KONKLUSJON
Kalsiumantagonistar kan gje munntørrheit og legemiddelindusert gingival overvekst (LIGO) som blant anna kan medføre auka risiko for inflammasjon. Gingivitt eller munntørrheit er ikkje oppgjeve som biverknader i preparatomtalen til lerkanidipin, medan LIGO er rapportert. Seponering eller terapibyte er tilrådd dersom ein mistenkjer LIGO som følgje av kalsiumantagonist-bruk. God oralhygiene er uansett viktig for å redusere og førebyggje tannkjøttproblem, også med tanke på at den aktuelle pasienten har diabetes, som er assosiert med ein auka risiko for orale komplikasjonar.

Referenser:
  1. RELIS database 2016; spm.nr. 4607, RELIS Nord-Norge. (www.relis.no)
  2. RELIS database 2019; spm.nr. 11174, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
  3. Bergman J, Andreassen LM. Legemidler kan gi voksende tannkjøtt. www.relis.no/ (Publisert: 6. september 2016).
  4. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Zanidip (Sist oppdatert: 14. februar 2019), b) Lerkanidipin Actavis (Sist oppdatert: 16. mars 2018). https://www.legemiddelsok.no/
  5. Balakumar P, Kavitha M et al. Cardiovascular drugs-induced oral toxicities: A murky area to be revisited and illuminated. Pharmacol Res 2015; 102: 81-9.
  6. Lygre H. Legemiddelindusert gingival overvekst (LIGO) - forekomst, patologi og klinikk. Nor Tannlegeforen Tid 2014; 124: 370-75.
  7. Livada R, Shiloah J. Calcium channel blocker-induced gingival enlargement. J Hum Hypertens 2014; 28(1): 10-4.
  8. Verhulst MJL, Loos BG et al. Evaluating all potential oral complications of diabetes mellitus. Front Endocrinol (Lausanne) 2019; 10: 56.