Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Olanzapin og triglyserider - oppfølging



Fråga: Lege spør angåande ein pasient som brukar olanzapin (Zyprexa) 5 mg dagleg og som har fått målt triglyserid på rundt 3 mmol/L. Legen har lest i Hjertefrisk-retningslinjene at det tilrådast å vise til indremedisinar ved triglyserid på 10 mmol/L eller meir. Korleis bør pasienten best følgast opp før dette, sidan triglyserid er forhøgja?

Svar: Det er kjent at olanzapin kan gje metabolske biverknader som diabetes, vektauke og lipidforandringar. Endringar i lipid sjåast oftast som auke i triglyserid og er ofte sekundært til vektauka. Dei metabolske biverknadane vil vanlegvis oppstå i løpet av dei første 3 månadane av behandlinga (1), og det er difor anbefalt med intensiv oppfølging i denne perioden.

Hjertefrisk-algoritmen tilrår kontroll av lipid ved oppstart, etter 12 veker og deretter årleg (2). Tilsvarande forslag til monitorering støttast også av fleire (3, 4). I ein artikkel frå 2011 tilrådast det i tillegg monitorering etter 6 veker og 6 månader det første året (5).

I Hjertefrisk-algoritmen tilrådast det tilvising til spesialist ved triglyserid på 10 mmol/L eller meir (2). Ved desse nivåa aukar risikoen for pankreatitt (6). Utover dette kan vi ikkje finne andre eller meir konkrete tilrådingar med tanke på oppfølging av triglyserid.

Generelt vil tiltaka ved forhøgja triglyserid og andre metabolske biverknader i første rekke vere kostholds- og livsstilsendringar (1, 4, 5). Norsk elektronisk legehandbok skriv om hypertriglyseridemi at farmakologisk behandling først kan vurderast ved triglyseridverdiar over 5,6 mmol/L. Totalrisikoen er avgjerande for behandlingsval, då isolert forhøgja triglyserid berre unntaksvis er indikasjon for medikamentell behandling (7).

Referenser:
  1. Norsk legemiddelhåndsbok for helsepersonell. L5.2 Antipsykotika. http://www.legehandboka.no/ (Sist endret: 11. september 2017).
  2. Oslo universitetssykehus. Klinikk for psykisk helse og avhengighet og Seksjon for preventiv kardiolog. Hjertefrisk - Oppfølging og tiltak hos pasienter med psykiske lidelser eller rusmiddelproblemer i kardiometabolsk risikogruppe. https://oslo-universitetssykehus.no/Documents/HJERTEFRISK%20algoritme%20230617%20v1.3.pdf (Publisert: juni 2017).
  3. Helsedirektoratet. Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølgning av personer med psykoselidelser. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/psykoselidelser (Publisert: 1. juli 2013).
  4. Marder S, Stroup TS. Pharmacotherapy for schizophrenia: Side effect management. Version 28.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 23. Juli 2018).
  5. De Hert M, Detraux J et al. Metabolic and cardiovascular adverse effects associated with antipsychotic drugs. Nat Rev Endocrinol 2011; 8(2): 114-26.
  6. Helsedirektoratet. Nasjonal faglig retningslinje for forebygging av hjerte- og karsykdom. Kaptittel 3, Utredning av lipidverdiene ved primær- og sekundærforebygging av hjerte- og karsykdom. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/forebygging-av-hjerte-og-karsykdom (Sist oppdatert: 5. mars 2018).
  7. Norsk elektronisk legehåndbok. Hypertriglyseridemi. https://legehandboka.no/ (Sist endret: 11. juli 2018).