

Jerntilskot tidleg i svangerskapet
Fråga: I retningslinjene for svangerskapsomsorgen er det tilrådd å måle ferritin før kvinna er i veke 15 av svangerskapet grunna at prøven er mindre påliteleg seinare i svangerskapet. Likevel er det oppgjeve at jerntilskot ikkje skal påbyrjast før veke 18, dersom kvinna har serumferritin under 70 μg/L. Er det problematisk å ta jerntilskot tidleg i svangerskapet? Spørsmål frå jordmor.
Svar: Det er ikkje mistanke om at bruk av jernpreparat i tilrådde dosar aukar risikoen for forsterskade ved bruk i 1. trimester, og ein del kvinner bruker jernpreparat også tidleg i graviditeten (1-3).
I løpet av 1. trimester må jerninntaket dekke basaltapet, noko som vanlegvis kan oppretthaldast gjennom eit normalt kosthald. Jernbehovet aukar i løpet av andre trimester, og for mange vil då ikkje mengda jern i kosten vere tilstrekkeleg for å dekke dette auka jernbehovet. Ei undersøking viste at tilskot av 40 mg jern dagleg frå veke 18, utan at ein veit noko om jernnivået, var effektivt for å førebyggje jernmangel og jernmangelanemi i svangerskapet (4, 5). Dette er truleg bakgrunnen til at tilskot først tilrådast frå veke 18, fordi det er etter dette at utfordringa med å dekke det auka jernbehovet oppstår.
KONKLUSJON
Dersom det av blodprøvane framgår at kvinna har behov for jerntilskot, er det ikkje skadeleg om den gravide kvinna startar opp med å ta jerntilskot før veke 18, om ho ønskjer dette og toler det greitt. Bruk av jern tidleg i svangerskapet tilrådast likevel ikkje rutinemessig i Noreg.
- Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Graviditet og legemidler. http://legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: 15. mai 2019).
- Avdelningen for klinisk farmakologi, Karolinska universitetssjukhuset. Janusmed fosterpåverkan. Medel vid järnbristanemier. https://www.janusinfo.se/beslutsstod/janusmedfosterpaverkan/ (Sist oppdatert: 28. juni 2018).
- Schaefer C, Peters P et al, editors. Drugs during pregnancy and lactation 2015; 3rd ed.: 503-4.
- Helsedirektoratet. Nasjonal faglig retningslinje for svangerskapsomsorgen: Rutinemålinger i blodet til gravide. https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/ (Sist oppdatert: 27. august 2019).
- Nordisk ministerråd. Nordic Nutrition Recommendations 2012: Integrating nutrition and physical activity. Iron. 5th ed. 2014. http://www.norden.org/ (Lest: 20. november 2019)
