

Behandling av sterke menstruasjonssmerter til kvinne med migrene med aura
Fråga: Kvinne i 30-åra er plaga med svært sterke menstruasjonssmerter og store blødningar. Trass bruk av paracetamol (4 g/døgn) og ibuprofen (1800 mg/døgn) har ho tidvis så sterke smerter at det er vanskeleg å fungere på jobb. Pasienten har elles kjent migrene med aura, bruker ingen prevensjon eller andre faste legemiddel. Kva anna behandling er mogleg for denne pasienten? Kan spiral eller sterkare smertestillande (til dømes paracetamol/kodein) vere alternativ? Spørsmål frå allmennlege.
Svar: Primær og sekundær dysmenoré Sterke menstruasjonssmerter, eller dysmenoré, delast inn i primær og sekundær dysmenoré. Ved primær dysmenoré kan det ikkje påvisast noko organisk årsak til menstruasjonssmertene. Denne tilstanden er vanlegare hos unge kvinner og kvinner som ikkje har fødd barn (1, 2).
Sekundær dysmenoré har eit liknande klinisk bilete som primær dysmenoré, men symptoma kan tilskrivast ein underliggjande tilstand, til dømes endometriose, adenomyose eller myom i uterus. Behandlinga vil såleis avhenge av kva patologiske forhold som ligg til grunn. Desse pasientane kan òg ha tilleggssymptom og er somme gonger resistente mot vanlegvis effektiv behandling for dysmenoré (1).
Vi tar utgangspunkt i at det etterspørrast behandling for primær dysmenoré, men det er ikkje kjend for oss om det er utelukka patologiske forhold hos den aktuelle pasienten.
Behandling
Tilrådd behandling for primær dysmenoré og sterke menstruasjonsblødningar (menoragi) er i første rekkje NSAIDs for akutt smertelindring eller førebyggjande behandling med hormonell prevensjon, som inkluderer p-piller eller hormonspiral (1-4). Hormonspiral har vist å kunne redusere blødningar og dysmenoré hos den generelle populasjonen, men òg hos pasientar med adenomyose og endometriose (sekundær dysmenoré) (1-5).
Vi har ikkje funne tilrådingar for bruk av smertstillande utover NSAIDs og/eller paracetamol ved primær dysmenoré og menoragi. Vi har heller ikkje funne om effekten av sterkare smertestillande er undersøkt ved denne typen smertetilstandar. Då sterkare smertestillande som paracetamol/kodein har indikasjon akutte, moderate til sterke smerter og behandlinga i dette tilfellet er indisert for nokre få dagar kvar månad, kan likevel slik behandling forsøkast om ønskjeleg. Det er ikkje kjend om andre typar NSAIDs enn ibuprofen er forsøkt, og dette bør òg vurderast som eit alternativ, før eventuelt sterkare smertestillande forsøkast.
Ved manglande effekt av tilrådd behandling (NSAIDs, hormoner) innan 6 månader eller mistanke om sekundær amenoré eller anna patologisk årsak til kvinna sine symptom, bør kvinna visast til gynekolog (2, 4).
Migrene med aura og østrogenhaldig prevensjon
Det er omdiskutert om lågdoserte østrogenhaldige preparat, som p-piller, bør vere absolutt kontraindisert ved migrene med aura (MA), då det fortsatt manglar gode studiar på risikoen for kardiovaskulære hendingar, inkludert hjerneslag, ved samtidig bruk. RELIS har tidlegare oppsummert at fleire retningslinjer frårår østrogenhaldig prevensjon til kvinner med MA, grunna ein mogleg auka risiko for hjerneslag. Somme opner likevel opp for at lågdoserte østrogenhaldige preparat kan vurderast på individuelt grunnlag, til dømes ved tilstandar som krevjer hormonell behandling, som til dømes endometriose eller polycystisk ovariesyndrom (6, 7).
KONKLUSJON
Hormonspiral kan forsøkast ved utilstrekkeleg effekt av NSAIDs og paracetamol. Dersom behandlinga ikkje gjev effekt innan rimeleg tid eller underliggjande patologiske årsaker mistenkast, bør pasienten visast vidare til spesialisthelsetenesta.
- Smith RP, Kaunitz AM. Dysmenorrhea in adult women: Treatment. Version 40.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 15. august 2019).
- Norsk elektronisk legehåndbok. Primær dysmenoré. https://legehandboka.no/ (Sist oppdatert: 14. oktober 2019).
- Veileder i gynekologi 2015: Gynekologiske blødningsforstyrrelser. Norsk gynekologisk forening. https://legeforeningen.no/
- Juvkam KH, Gudim HB. Medikamentell behandling av menstruasjonsrelaterte plager. Tidsskr Nor Legeforen 2011; 131: 956-8.
- Black A, Guilbert E et al. Canadian Contraception Consensus (Part 3 of 4): Chapter 7--Intrauterine Contraception. J Obstet Gynaecol Can 2016; 38(2): 182-222.
- Andreassen LM, Bergman J. Prevensjon til kvinner med migrene med aura. http://www.relis.no/ (Publisert: 14. november 2016).
- RELIS database 2018; spm.nr. 10869, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
