

Bruk av triamcinolon-injeksjon og silikongel til kvinne med graviditetsønskje
Fråga: Ei kvinne med ei rekkje hypertrofiske arr har fått tilrådd følgjande behandling frå hudavdelinga ved eit sjukehus: Triamcinolon (Kenacort-T) injeksjon i arr kvar tredje månad til effekt og silikongel (Kelo-cote) to gonger dagleg. Kvinna forsøker å bli gravid. Bør behandlinga utsetjast til etter fødsel? Spørsmål frå allmennlege.
Svar: Bruk av silikongel i graviditeten
Silikongelen er ikkje klassifisert som eit legemiddel, men inneheld silikonforbindelsar som reknast som kosmetikk. Gelen verkar på hudoverflata og det er usannsynleg at innhaldet vil absorberast i særskilt grad. Kelo-cote kan derfor brukast ved ein eventuell graviditet.
Lokal injeksjon av trimacinolon i graviditeten
Vedrørande lokal injeksjon av triamcinolon depotinjeksjonar under graviditet, har RELIS tidlegare svart på liknande problemstillingar (1, 2). Dei viser blant anna til at depotformuleringar som Kenacort-T er designa for å bli verande på injeksjonsstaden og gjev for det meste lokale effektar ved tilrådd bruk, sjølv om systemiske effektar kan førekome. Systemisk eksponering ved slik bruk vurderast derfor å vere liten og triamcinolon depotinjeksjon er ikkje kontraindisert ved ein eventuell graviditet, men det bør føreligge ein sterk indikasjon for bruk (1, 2).
Kenacort-T er likevel berre godkjent for intramuskulær eller intraartikulær depotinjeksjon, og intradermal bruk omtalast ikkje i den norske preparatomtalen (3). Systemiske effektar etter intradermal injeksjon av triamcinolon er lite studert, men det er rapportert om systemiske effektar også ved slik bruk (3, 4).
Negative effektar ved bruk av glukokortikoid under svangerskapet knyttast i hovudsak til større eller langvarig systemisk eksponering, og det er tvilsomt at intradermal bruk av triamcinolon i dei dosane og den hyppigheita som skildrast i spørsmålet vil vere av tyding for ein eventuell graviditet. Om behandlinga bør utsetjast til etter fødsel eller ikkje, bør drøftast med legen som har tilrådd behandlinga. Nedanfor oppsummerer vi kva som er kjent med omsyn til systemisk eksponering av glukokortikoid i graviditeten.
Systemisk og/eller langvarig bruk av glukokortikoid under graviditet
Med tanke på tryggleiken ved systemisk eksponering for glukokortikoid graviditeten finst det motstridande data for første del av graviditeten. Ein liten auka risiko for leppe/ganespalte kan ikkje heilt utelukkast. Dersom det er slik at det føreligg ein reell auka risiko ved bruk av glukokortikoid, er den absolutte risikoen likevel fortsatt låg (1, 2, 5-8).
Ved hyppig/langvarig bruk av glukokortikoid i 2. og 3. trimester er det rapportert om låg fødselsvekt og prematur fødsel. Dataa er likevel motstridande, og funna kan være påverka av underliggjande sjukdom. Det er òg rapportert om enkelte tilfelle på binyrebarksuppresjon hos nyfødde etter bruk av høge dosar glukokortikoid over tid mot slutten av svangerskapet. Kva som reknast som ein trygg dose glukokortikoid kan ikkje spesifiserast, men prednisolon i dosar på 10-15 mg dagleg er vurdert å vere forbunde med minimal inidviduell risiko (1, 2, 5-8).
KONKLUSJON
Silikongel til behandling av hypertrofiske arr kan trygt brukast under graviditet. Negative effektar ved bruk av glukokortikoid under graviditet knyttast til systemiske dosar og/eller langvarig eksponering, og desse funna er truleg lite relevante ved intradermal injeksjon som skildra i det aktuelle tilfellet. Det bør likevel føreligge sterk indikasjon for bruk og vi tilrår at legen som har tilrådd behandlinga konfererast for å avklare om det føreligg fortsatt indikasjon med tanke på ein eventuell graviditet.
- RELIS database 2018; spm.nr. 10982, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
- RELIS database 2019; spm.nr. 11790, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Kenacort-T. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 8. august 2014).
- UK Medicines and Healthcare Products Regulatory Agency (MHRA). Summary of Product Characteristics (SPC) Adcortyl Intra-Articular/Intradermal Injection 10mg/ml. https://www.medicines.org.uk/emc/ (Sist oppdatert: 11. desember 2017).
- RELIS database 2018; spm.nr. 7282, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
- Avdelningen för klinisk farmakologi, Karolinska universitetssjukhuset. Janusmed fosterpåverkan. Triamcinolon – för injektion. https://www.janusinfo.se/beslutsstod/janusmedfosterpaverkan/ (Sist oppdatert: 18. mai 2018).
- Briggs GG, Freeman RK et al, editors. Drugs in pregnancy and lactation (online). Triamcinolone. In: Medicines Complete. https://www.medicinescomplete.com/ (Sist oppdatert: 8. august 2017).
- Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Graviditet og legemidler. http://legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: 15. mai 2019).