

Intraossøs administrasjon av koagulasjonsfaktor VIII
Fråga: Ein sjukehusfarmasøyt spør på vegne av ein barnelege om moroktokog alfa, eller rekombinant human koagulasjonsfaktor VIII (ReFacto) kan gjevast intraossøst? Det gjeld eit barn med hemofili A og farmasøyten finn at norsk pediatrirettleiar beskriv at blodprodukt kan gjevast intraossøst i somme tilfelle.
Svar: Intraossøs administrasjon vil seie at legemidlet administrerast i beinmatriks, og denne typen administrasjon er vanlegvis reservert for akutte, livstrugande eller kritiske situasjonar der god venøs tilgang ikkje kan oppnåast raskt (til dømes ved status epileptikus eller omfattande brannskader) eller ved hjartestans/sjokk (1, 2).
Alle legemiddel som nyttast intravenøst ved gjenoppliving, deriblant blodprodukt, kan òg gjevast intraossøst og doseringa er den same som ved intravenøs administrasjon. Ved rask væskeadministrasjon eller administrasjon av viskøse legemiddel under trykk bør ein særskilt følgje med på om infiltrasjon oppstår. Intraossøs administrasjon er ein midlertidig administrasjonsveg og kanyla skal fjernast straks ein har sikra intravenøs tilgang og seinast innan 24 timar for å førebygge infeksjon (osteomyelitt) (1, 2).
Vi finn eit kasus i litteraturen der eit kompleks av fleire koagulasjonsfaktorar (II, IX, X) vart gjeve intraossøst (3), men vi finn ikkje opplysningar om intraossøs administrasjon av koagulasjonsfaktor VIII spesifikt.
KONKLUSJON
Ved akutte situasjonar der intraossøs administrasjon er indisert, kan naudsynte legemiddel og blodprodukt som vanlegvis gjevast intravenøst gjevast i tilsvarande dosering. Vi finn ikkje spesifikk informasjon om intraossøs administrasjon av koagulasjonsfaktor VIII.
- Norsk barnelegeforening. Akuttveileder i pediatri: Intraossøs kanylering. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist revidert: 2013).
- Perron CE. Intraosseous infusion. Version 25.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 25. november 2019).
- Means L, Gimbar RP. Prothrombin complex concentrate administration through intraosseous access for reversal of rivaroxaban. Am J Emerg Med 2016; 34(3): 685.e1-2.