Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Manuka-honning for sårtilheling



Fråga: Lege ved helsestasjon har fått førespurnad frå skulehelsesjukepleiar om Manuka-honning er noko dei kan tilrå eller bruke i behandling av sårskader. Kva er eventuelle biverknader og kontraindikasjoner knytt til slik behandling? Legen har funne ein RELIS-sak frå 2012 om dette, er det tilkome ny dokumentasjon?

Svar: Manuka-honning og medisinsk honning
Honning har kjente antimikrobielle eigenskapar og har av den grunn blitt brukt til ulike former for sårbehandling. Den antimikrobielle effekten til honning knyttast til ein kombinasjon av låg pH, høg osmolaritet og innhaldet av ulike fytokjemikalier. Innhaldet og samansettinga av honningen kan variere med kva planter biene har samla nektaren frå. Honning frå ulike planter kan ha varierande antimikrobielle og medisinske eigenskapar, og dette kan vanskeleggjere oppsummering og tolking av litteraturen (1-3).

Manuka-honning er laga av nektar frå manuka-planten (Leptospermum scoparium), og har særskilt blitt framheva kva gjeld antimikrobielle eigenskapar. Dei antimikrobielle eigenskapane til manuka-honning tilskrivast innhaldet og konsentrasjonen av metylglyoksal (MGO), som dannast ved dehydrering av dihydroksyaceton, eit fytokjemikalium som blant anna finst i manuka-planten. I andre typar honning har den antimikrobielle effekten hovudsakleg blitt tilskrive innhaldet av hydrogenperoksid (1-3).

Konsentrasjonen av MGO uttrykkast gjerne som ein faktor - Unique Manuka Factor (UMF). UMF brukast òg som eit mål på graden av antibakteriell aktivitet, men korrelasjonen mellom konsentrasjonen av MGO og antibakteriell aktivitet er ikkje fullstendig klarlagt eller sikkert dokumentert (2, 3).

Medisinsk honning er gammabestrålt for å inaktivere bakteriesporer, som t.d. Clostridium botulinum, og standardisert for å ha ein føreseieleg antibakteriell aktivitet (4). Medisinsk honning reknast ikkje som legemiddel, men som medisinsk utstyr. Slike produkt bør vere heilt fri for bakterier og sporer, mellom anna med tanke på at dei brukast i opne sår. Det er ikkje nødvendigvis alle produkt med manuka-honning som kan reknast som medisinsk honning/medisinsk utstyr. Medihoney frå Norgesplaster AS og Manuka Fill frå Medfour AB er blant produkta som inneheld medisinsk honning og er klassifisert som medisinsk utstyr (5, 6).

Manuka-honning og sårtilheling
RELIS har for eit drygt år sidan svart på eit liknande spørsmål og konkludert at vi ikkje kan gje konkrete råd om når eit honningprodukt eller eit anna antiseptisk middel bør veljast til sårbehandling, og at det òg i stor grad vil avhenge av såret som skal behandlast (7). Kunnskapsgrunnlaget for bruk av medisinsk honning til sårtilheling er av låg kvalitet, og det føreligg ikkje nok data til å rutinemessig tilrå bruk av honning til alle typar sår. Når det gjeld akutte småsår er det uklart om honning har betre effekt enn hydrogel eller konvensjonelle bandasjar (innsett med jod eller parafin) (8).

Det finst derimot data av moderat kvalitet som har har vist at bruk av honning til mindre alvorlege brannsår gjev større sannsynlegheit for tilheling og moglegvis òg raskare tilheling, samanlikna med topikale antibiotika (sølvsulfadiazin, mafenid, framycetin, gramicidin) og ikkje-antibakterielle behandlingar (polyuretan-film, amniotisk membran, parafin-bandasje, steril bandasje, potetskrell) (8-10).

Sjølv om den siste RELIS-utgreiinga og litteraturen som refererast over omhandlar honning generelt, og ikkje manuka-honning spesielt, finst det heller ikkje robuste, kliniske data for manuka-honning. Eksperimentelle laboratoriestudier har vist at manuka-honning kan verke hemmande/baktericid på fleire typar bakteriar og biofilm, samt at det kan ha synergistiske effektar saman med ulike antibiotika. Av kliniske data finst foreløpig berre nokre få kasus-rapportar på betring av leggsår (1, 11).

Tilgjengelege retningslinjer og prosedyrar
Europeiske retningslinjer for førebygging og behandling av trykksår frå 2014, som finst i norsk oversetjing, oppgjev medisinsk honning som eit mogleg behandlingsalternativ til trykksår i kategori/grad II og III. Det opplysast om at slike produkt ikkje må brukast dersom pasienten har kjent honning-allergi (12). Norske fagprosedyrar nemner honningsalve/bandasjar som eit mogleg alternativ til sårhulen ved arterielle og venøse leggsår, samt til å avhjelpe ved lukt i behandlinga av kreftsår (13a-c).

På nettsidene til dei tidlegare nemnte produkta med innhald av manukahonning på den norske marknaden, oppgjevast òg enkelte andre indikasjonar (til dømes diabetiske fotsår), samt informasjon om forholdsreglar, moglege biverknader og når produkta ikkje er indisert. Overkjenslegheit/allergi mot honning nemnast som kontraindikasjon, prikking/svie som mogleg biverknad ved påføring (5, 6). For ytterlegare informasjon om forholdsreglar for bruk (til dømes haldbarheit etter opning), viser vi til dei enkelte produkta.

KONKLUSJON
Honning har kjend antibakteriell effekt, men det kliniske kunnskapsgrunnlaget for bruk av honning ved sårtilheling er derimot sparsamt. Fleire prosedyrar om sårstell nemner honning som eit mogleg behandlingsalternativ, men RELIS kan ikkje gje konkrete råd om når eit honningprodukt eventuelt kan forsøkast i behandling av sårskader. Ved bruk av manuka-honning eller andre honningprodukt i sårbehandling, bør ein bruke eit produkt som er sterilisert og standardisert (såkalla medisinsk honning) og følgje forholdsreglane gjeve av produsenten.

Referenser:
  1. Carter DA, Blair SE et al. Therapeutic Manuka honey: No longer so alternative. Front Microbiol. 2016; 7: 569.
  2. Girma A, She RC. Antibacterial activity of varying UMF-graded Manuka honeys. PLoS One. 2019; 14(10): e0224495.
  3. Johnston M, McBride M et al. Antibacterial activity of Manuka honey and its components: An overview. AIMS Microbiol. 2018; 4(4): 655–664.
  4. Natural Medicines. Honey. https://naturalmedicines.therapeuticresearch.com/ (Sist oppdatert: 30. august 2019).
  5. Norgesplaster. Medihoney. https://norgesplaster.no/medihoney/ (Lest: 14. februar 2020).
  6. Manukafill.no/ (Lest: 14. februar 2020)
  7. RELIS database 2018; spm.nr. 10530, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
  8. Jull AB, Cullum N et al. Honey as a topical treatment for wounds. Cochrane Database Syst Rev 2015; (3): CD005083.
  9. Norman G, Christie J et al. Antiseptics for burns. Cochrane Database Syst Rev 2017; 7: CD011821.
  10. Aziz Z, Abdul Rasool Hassan B. The effects of honey compared to silver sulfadiazine for the treatment of burns: A systematic review of randomized controlled trials. Burns 2017; 43(1): 50-7.
  11. Shan Y. Medicinal honey in clinical practice: viable alternative or useful adjunct in wound care management? Br J Nurs 2019; 28(12): S23-S30.
  12. National Pressure Ulcer Advisory Panel, European Pressure Ulcer Advisory Panel og Pan Pacific Pressure Injury Alliance. Prevention and Treatment of Pressure Ulcers: Quick Reference Guide. Emily Haesler (Ed.). Cambridge Media: Osborne Park, Western Australia; 2014. https://www.epuap.org/pu-guidelines/
  13. Helsebiblioteket. Fagprosedyrer. a) Sårstell - arterielle fot- og leggsår (Siste litteratursøk: 2. mai 2017), Sårstell - venøse leggsår (Siste litteratursøk: 20. april 2017), c) Kreftsår – sårstell – topikal behandling (Siste litteratursøk: 26. juni 2014). Oslo Universitetssykehus. https://www.helsebiblioteket.no/