

Lidokain applisert i munn ved hånd-, fot- og munnsykdom
Fråga: Farmasøyt på apotek spør angående et barn på litt over 1 år med hånd-, fot- og munnsykdom. Barnet har fått resept lidokain (Xylocain) salve til bruk i munnhulen som skal påsmøres inntil 3 ganger daglig ved behov. Kan man bruke lidokain i munnhulen og litt rundt munnen på et lite barn?
Svar: Norsk elektronisk legehandbok anbefaler paracetamol eller ibuprofen ved behov for symptomlindring ved hand-, fot- og munnsjukdom. Lunka eller kjølige drikkevarer kan lindre ubehaget i munnhola. Bruk av lokalanestetika på munnslimhinner er ikkje nemnt (1).
UpToDate tilrår også paracetamol eller ibuprofen ved behov og skriv spesifikt at dei ikkje tilrår topikal behandling med til dømes lidokain. Dette grunna at effekt ikkje er vist i kliniske studiar, fare for biverknader samt vanskar med applikasjon hos små barn (2).
BMJ Best Practice nemner at lidokain kan vere aktuelt for enkelte pasientar med hand-, fot- og munnsjukdom. Dette som ei andrelinjebehandling/tillegg til paracetmol og ibuprofen ved små og få sår i munn. Dei tilrår ei 2 % viskøs løysing påført med ein bomullspinne opp til tre gangar dagleg (3).
Ved søk i litteraturdatabaser finn vi berre ein studie som har undersøkt effekten av lokalanestetika brukt på sår i munn hos barn. Her blei 100 barn (frå 6 månader til 8 år) med infeksiøse orale ulcerasjonar randomisert til å få enten lidokain eller placebo. Lidokain vart gitt som ei 2 % viskøs løysing applisert med oral sprøyte på munnslimhinnene og i munnhola. Løysinga vart spytta ut etter påføring. Effekten vart måla med tanke på kor mykje væske barnet drakk den første timen etter at legemiddel/placebo var gitt. Det vart ikkje sett klinisk signifikante skilnader i væskeinntak mellom barna som fekk lidokain og barna som fekk placebo (4).
RELIS har tidlegare omtala bruk av lidokain i munn i samband med frambrot av tenner hos små barn, og skriv at slik bruk ikkje er heilt uproblematisk. Som kjent for lokalanestetikumet benzokain, kan lidokain i sjeldne tilfelle føre til den potensielt alvorlege biverknaden methemoglobinemi. I tillegg kan lidokain gje biverknader som CNS-depresjon, krampeanfall og kardiovaskulær toksisitet (5).
KONKLUSJON
Ved behov for behandling av symptom ved hand-, fot- og munnsjukdom hos barn er det paracetamol eller ibuprofen som tilrådast. Vi finn ei kjelde som spesifikt skriv at dei ikkje tilrår lidokain og ei kjelde som skriv at lidokain kan forsøkast som tilleggsbehandling ved få og små sår i munn. Bruk av lidokain i munn hos små barn er ikkje heilt utan risiko, og medfører potensiell fare for biverknader.
- Norsk elektronisk legehåndbok. Hånd-, fot- og munnsykdom. https://legehandboka.no/ (Sist endret: 15. januar 2020).
- Romero JR. Hand, foot, and mouth disease and herpangina. Version 22.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 28. januar 2020).
- Hand-foot-and-mouth disease. In: BMJ Best practice. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 15. august 2018).
- Hopper SM, McCarthy M et al. Topical lidocaine to improve oral intake in children with painful infectious mouth ulcers: a blinded, randomized, placebo-controlled trial. Ann Emerg Med 2014; 63(3): 292-9.
- Bergman J, Bakkebø T. Minner om å begrense bruken av Dentinox. Nor Farmaceut Tidsskr 2018; 126(1): 44. https://www.farmatid.no/artikler/relis/minner-om-begrense-bruken-av-dentinox
