

Peroral prevensjon, lamotrigin og kvetiapin
Fråga: Allmennlege spør angåande ei kvinne som nyleg har starta med lamotrigin (Lamictal) og kvetiapin (Seroquel) mot bipolar liding. Ho ønskjer no p-piller/minipille, ikkje implantat/spiral. Kva type peroral antikonsepsjon er å føretrekke og kva forhaldsreglar bør ein ta?
Svar: Desogestrel (Cerazette, Vinelle) framstår gjerne som det beste valet blant perorale prevensjonsalternativ ved samtidig bruk av lamotrigin og kvetiapin.
Bakgrunn
Alternativ blant peroral prevensjon i Noreg inkluderer kombinerte p-piller med østrogen og gestagen, desogestrel p-piller (Cerazette, Vinelle) og tradisjonelle lågdoserte minipiller (Conludag).
For kvetiapin (Seroquel) føreligg ingen interaksjonar med hormonell prevensjon. For lamotrigin, har RELIS fleire gonger tidlegere utgreia val blant peroral prevensjon. Under oppsummerast kort essensen i tidlegare svar og vi viser til eit utval av aktuelle referansar for meir informasjon (1-4).
Desogestrel p-piller
Det synast å vere brei einigheit om at desogestrel p-piller kan brukast ved samtidig lamotrigin-behandling. Lamotrigin kan redusere serumkonsentrasjonen av gestagener, men for preparat med høge gestagendoser, som desogestrel p-piller spelar dette inga rolle (1, 2).
Det er uklart om serumkonsentrasjonen av lamotrigin påverkast av samtidig bruk av desogestrel. I ein liten studie vart det sett ei auke i serumkonsentrasjonen av lamotrigin ved samtidig bruk av desogestrel hos 7 av dei 10 kvinnene som deltok i studien. Auken var i intervallet 20-100 %. Dette funnet har foreløpig ikkje blitt reprodusert i andre studiar. Grunna usikkerheiten tilrår ei kjelde at ein gjerne kan følgje med på lamotrigin-relaterte biverknader som svimmelheit, ataksi og diplopi ved oppstart av desogestrel (5).
Kombinerte p-piller
Problemet med østrogenhaldige p-piller er at østrogenkomponenten kan auke utskiljinga av lamotrigin og serumkonsentrasjonen kan dermed reduserast med opptil 50 %. WHO tilrår at ein unngår østrogenhaldig prevensjon hos pasientar som brukar lamotrigin.
Ønskjer ein likevel å forsøke med p-piller, bør desse brukast kontinuerlig, altså utan bruk av pillefri veke/sukkerpiller, for å unngå svingingar i konsentrasjonen av lamotrigin. Som nemnt, kan det også vere behov for å auke dosen av lamotrigin opp mot det dobbelte når denne kombinerast med østrogen. Det tilrådast også å følgje serumkonsentrasjonen av lamotrigin (3, 4).
Lågdoserte minipiller
Desse bør ikkje brukast ved samtidig lamotriginbehandling. Som tidlegare nemnt kan lamotrigin redusere serumkonsentrasjonen av gestagen, og for lågdoserte preparat som minipiller kan det vere ein risiko for redusert antikonseptiv effekt (2). Slike minipiller har i utgangspunktet også den lågaste sikkerheita blant perorale alternativ.
- RELIS database 2019; spm.nr. 13378, RELIS Vest. (www.relis.no)
- RELIS database 2019; spm.nr. 7775, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
- RELIS database 2019; spm.nr. 7826, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
- Reiter L, Nakken KO. Prevensjon for kvinner som bruker antiepileptika. Tidsskr Nor Legeforen 2016; 1(136): 32-4.
- Baxter K, Preston CL, editors. Stockleys Drug Interactions (online). https://www.medicinescomplete.com/ (Søk: 5. mars 2020).