Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


B-vitamin-tilskot ved svangerskapskvalme



Fråga: Kan B-vitamin-tilskot med folsyre/cyanokobalamin/pyridoksin (TrioBe), dosering 2 tablettar dagleg nyttast mot svangerskapskvalme?

Svar: Pyridoksin (vitamin B6) er i både norske og internasjonale retningslinjer og oppslagsverk lista som eit mogleg behandlingsalternativ mot svangerskapskvalme (1-4). Norske retningslinjer og oppslagsverk tilrår ei dosering på 25 mg kvar 6. time eller 40 mg to gonger dagleg (1, 2). Internasjonale retningslinjer og oppslagsverk tilrår 10-25 mg kvar 6.-8. time, anten åleine eller i kombinasjon med doksylamin eller anna antihistamin (3, 4). Maksimaldosering per døgn er sett til 200 mg (1-4).

Pyridoksin i tilrådde dosar er funne å ha noko effekt mot mild til moderat svangerskapskvalme samanlikna med placebo, medan effekten på oppkast er usikker (3-7). Pyridoksin har i studiar vorte forsøkt mot svangerskapskvalme i dosar frå 1,28 mg dagleg, men dosar på minst 10 mg dagleg er likevel det som synast å gje best effekt (5-7).

TrioBe inneheld 0,8 mg folsyre, 0,5 mg cyanokobalamin (vitamin B12) og 3 mg pyridoksin (vitamin B6) per tablett (8). Vi er ikkje kjend med at TrioBe nyttast i behandlinga av svangerskapskvalme. Det finst derimot eit eige NAF-preparat med innhald av 40 mg pyridoksin (9), som vil vere meir føremålstenleg med tanke på adekvat dose. I høyringsutkastet til ny rettleiar i fødselshjelp (høyringsfrist 23. mars 2020), er dette preparatet nemnt, med tilrådd dosering 1 tablett à 40 mg 1-2 gonger dagleg (10).

Referenser:
  1. Veileder i fødselshjelp (2014). Emesis og hyperemesis gravidarum. https://www.legeforeningen.no/ (Sist oppdatert: 18. desember 2019).
  2. Norsk elektronisk legehåndbok. Svangerskapskvalme (emesis og hyperemesis gravidarum). https://legehandboka.no/ (Sist endret: 27. januar 2020).
  3. Smith JA, Fox Ka et al. Treatment and outcome of nausea and vomiting of pregnancy. Version 107.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 20. februar 2020).
  4. Committee on Practice Bulletins-Obstetrics. ACOG Practice Bulletin No. 189: Nausea and vomiting of pregnancy. Obstet Gynecol 2018; 131(1): e15-e30.
  5. McParlin C, O'Donnell A et al. Treatments for hyperemesis gravidarum and nausea and vomiting in pregnancy: A systematic review. JAMA. 2016; 316(13): 1392-1401.
  6. Matthews A, Haas DM et al. Interventions for nausea and vomiting in early pregnancy. Cochrane Database Syst Rev 2015; (9): CD007575.
  7. O'Donnell A, McParlin C et al. Treatments for hyperemesis gravidarum and nausea and vomiting in pregnancy: a systematic review and economic assessment. Health Technol Assess 2016; 20(74): 1-268.
  8. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) TrioBe. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 17. august 2018).
  9. Felleskatalogen. Apotek-preparater i ATC. https://www.felleskatalogen.no/medisin/apotekpreparater (Søk: 25. februar 2020).
  10. NY Veileder i fødselshjelp (høring) 2020. Emesis og hyperemesis gravidarum. https://www.legeforeningen.no/ (Lest: 5. mars 2020).