Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Rabiesvaksine og tidleg graviditet



Fråga: Kvinne gravid i første trimester blei vaksinert for rabies tidleg i graviditeten, før den var kjend. Er det haldepunkt for at rabiesvaksine (Rabipur) kan gje misdanningar eller liknande? Spørsmål frå gynekolog.

Svar: Dersom indikasjon, reknast ikkje-levande vaksiner som Rabipur, i hovudsak som trygge å administrere i svangerskapet, då det ikkje er vist uheldige effektar på foster eller svangerskapsløpet for øvrig (1, 2). Det er likevel berre eit fåtal vaksiner som er spesifikt undersøkt i svangerskapet, og som ein hovudregel anbefaler Folkehelseinstituttet (FHI) å unngå vaksinasjon i første trimester, dersom det ikkje føreligg ein spesifikk risiko som tilseier at det å vente med vaksinasjon er uforsvarleg (3).

Preparatomtalen til rabiesvaksina (Rabipur) oppgjev at ingen skadelege effektar i samband med vaksinasjon under graviditet er påvist (4). Ein nyleg publisert oppsummeringsartikkel fann heller ikkje at uheldige svangerskapsutfall vart rapportert i kasus-seriar og små, observasjonelle studiar som totalt inkluderte 362 kvinner vaksinert mot rabies i graviditeten (5).

Norske (FHI) og britiske folkehelsemyndigheiter, og eit anerkjend, amerikansk, klinisk oppslagsverk oppgjev at det må gjerast ei individuell nytte-risikovurdering for preeksponeringsprofylakse med rabiesvaksine i svangerskapet, men at graviditet er ikkje til hinder for å gje posteksponeringsprofylakse (1, 6, 7). Tilsvarande informasjon gjevast i preparatomtalen til rabiesvaksina (4). Verdas helseorganisasjon (WHO) oppgjev derimot at rabiesvaksine generelt er trygt og effektivt hos gravide kvinner (8).

KONKLUSJON
Det er ikkje rapportert om uheldige effektar på foster eller svangerskapsforløp når rabies-vaksine er gjeve under svangerskap. Både pre- og posteksponeringsprofylakse med rabiesvaksine kan gjevast til gravide, dersom indisert.

Referenser:
  1. Yawetz S. Immunizations during pregnancy. Version 136.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 16. mars 2020).
  2. Public Health England. The Green Book, Chapter 6: Contraindications and special considerations. https://www.gov.uk/government/collections/immunisation-against-infectious-disease-the-green-book (Sist oppdatert: 26. oktober 2017).
  3. Folkehelseinstituttet. Vaksinasjon av gravide og ammende. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 5. februar 2018).
  4. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Rabipur. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 3. desember 2019).
  5. Nasser R, Rakedzon S et al. Are all vaccines safe for the pregnant traveller? A systematic review and meta-analysis. J Travel Med 2020; 27(2: pii: taz074.
  6. Folkehelseinstituttet. Rabiesvaksine og rabiesimmunglobulin - veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 17. juni 2019).
  7. Public Health England. The Green Book, Chapter 27: Rabies. https://www.gov.uk/government/collections/immunisation-against-infectious-disease-the-green-book (Sist oppdatert: 10. juli 2018).
  8. Verdas helseorganisasjon (WHO). Rabies vaccines: WHO position paper – April 2018. https://www.who.int/immunization/documents/positionpapers/en/ (Publisert: 16. april 2018).