Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Oxytarm til ammande



Fråga: Helsesjukepleiar spør om mor som ammar kan bruke produktet Oxytarm.

Sammanfattning: Oxytarm er eit kosttilskot, og generelt tilrår RELIS varsemd med bruk av slike produkt til sårbare grupper som t.d. ammande. Det føreligg ikkje noko vitskapeleg dokumentasjon på bruk av produktet til ammande og mengder av aktuelle virkestoff er ikkje oppgitt. For ammande som plagast med treig mage eller obstipasjon tilrår vi bruk av laksantia som loppefrø, laktulose og markrogol, eventuelt kortvarig bruk av tarmstimulerande middel.

Svar: I følgje nettsider som sel Oxytarm skal produktet innehalde magnesiumhydroksid, askorbinsyre (vitamin C), standardisert bioflavonoid frå sitron i tillegg til diverse hjelpestoff. Mengdene av dei enkelte innhaldsstoffa er ikkje oppgitt. Ingen av nettsidene skriv noko spesifikt om bruk av produktet til ammande (1-3).

Magnesiumhydroksid brukt som lakserande middel reknast som kompatibelt med amming (4a, 5a). Vitamin C i vanlege dosar reknast som trygt under amming (4b, 5b). Vitamin C er ein naturlig komponent i morsmjølk, og anbefalt daglig inntak hos ammande er 100 mg (6). Det finst mindre informasjon om bioflavonoidar til ammande, men eit medisinsk oppslagsverk for naturmiddel tilrår ammande å unngå bruk av bioflavonoidar frå sitron i større mengder enn det som finnast i mat (7).

RELIS har ikkje funne konkret dokumentasjon på bruk av Oxytarm til ammande. Generelt rår det stor usikkerhet rundt bruk av naturmiddel/kosttilskot. Dokumentasjonen for både effekt, biverknader, interaksjonar og bruk hos sårbare grupper som til dømes gravide og ammande er som regel svært mangelfull. Dette som gjer det vanskelig å anbefale bruk av slike produkt. I tillegg er vi kjent med at enkelte useriøse aktørar har tilsett legemiddel eller kjemikaliar i kosttilskot utan at dette har vore deklarert på pakningen.

Det er fleire preparat mot obstipasjon/treig mage som trygt kan brukast av ammande. Loppefrø (Vi-Siblin), laktulose (t.d. Duphalac) eller makrogol (t.d. Movicol) reknast gjerne som førsteval. Dersom bruk av desse midla ikkje fører fram, kan tarmstimulerande legemiddel som bisakodyl (t.d. Dulcolax eller Toilax) og sennaglykosid (t.d. Pursennid) brukast i ein kort periode (8, 9).

Referenser:
  1. Sunkost. Oxytarm. https://sunkost.no/produkter/kosttilskudd/kosttilskudd-vitaminer-mineraler/kosttilskudd-vitaminer-mineraler-magnesium/oxy-tarm-120-tbl/ (14. august 2020)
  2. Life. Oxytarm. https://www.life.no/produkter/mage-tarm/forstoppelse/oxytarm-tabletter-60-tbl (14. august 2020)
  3. Vita. Oxytarm. https://www.vita.no/oxytarm-for-mage-tarm-120-tabl (14. august 2020)
  4. Hale TW, Rowe HE, editors. Medications and mothers milk 2019; 18th ed.: a): 459-60, b): 48-51.
  5. National Library of Medicine (USA). Drugs and Lactation database (LactMed). a) Magnesium Hydroxide (Sist oppdatert: 31. oktober 2018), b) Vitamin C (Sist oppdatert: 20. juli 2020). https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/NBK501922/
  6. Nordic Nutrition Recommendations 2012 http://norden.diva-portal.org/smash/get/diva2:704251/FULLTEXT01.pdf
  7. Natural Medicines. Lemon. https://naturalmedicines.therapeuticresearch.com/ (Sist oppdatert: 10. juli 2020).
  8. Helsebiblioteket. Forstoppelse hos gravide og ammende - fordypningsstoff til helsepersonell. https://www.helsebiblioteket.no/256059/forstoppelse-hos-gravide-og-ammende-fordypningsstoff-til-apotek-og-helsestasjon (Publisert: 11. juli 2017).
  9. Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. G8 Amming og legemidler. http://legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: 15. mai 2019).