

Lidokain salve og vedvarande nummenheit i tunge og leppe
Fråga: Lege i allmennpraksis spør angåande ein pasient som har brukt lidocain (Xylocain) salve 5 % i 3 dagar, blant anna i munnen. Pasienten seponerte legemiddelet ved nummenheit i tunge og lepper, men plagene er framleis til stades 2 døgn etter seponering. Kor lenge ein kan forvente at desse symptoma vil henge i?
Sammanfattning: Vi har ved litteratursøk ikkje funne skildra vedvarande nummenheit i tunge og lepper etter topikal bruk av lidokain. Vi kan difor heller ikkje gje eit svar på kor lenge desse symptoma kan ventast å vare.
Svar: Vi har ved litteratursøk ikkje klart å finne skildra vedvarande nummenheit i tunge og lepper i relasjon til topikal bruk av lidokain eller andre lokalanestetika.
Parestesi etter dental anestesi med lidokain og andre lokalanestetika er skildra i litteraturen, men det er usikkert om mekanismen bak nerveskaden er mekanisk påverknad av nåla brukt til injeksjon eller nevrotoksiske eigenskapar til anestesimidla (1).
I WHO sin biverknadsdatabase er det registrert eit 70-talls meldingar om nummenheit i og rundt munn (oral hypoestesi) som mistenkt biverknad av topikale lokalanestetika (2). I dei fleste tilfella er denne nummenheiten berre ein del av eit større symptombilete. Desse meldingane baserer seg på spontanrapportering og kan dermed ikkje seie noko om årsakssamanheng eller frekvens.
- Garisto GA, Gaffen AS et al. Occurrence of paresthesia after dental local anesthetic administration in the United States. J Am Dent Assoc. 2010 Jul;141(7):836-44.
- Verdens Helseorganisasjon (WHO). Bivirkningsdatabase (Søk: 23. september 2020).