Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Teriparatid og mild hyperkalsemi



Fråga: Ein pasient med alvorleg osteoporose har vorte behandla med teriparatid (Forsteo) injeksjonar og kalsium/kolekalsiferol (Calcigran forte 1000 mg/800IE) i 21 månader. Pasienten har fått målt kalsium nyleg, som var noko forhøga (totalkalsium 2,7 mmol/L, fritt kalsium 1,36 mmol/L). Paratyroideahormon (PTH) og vitamin D var i normalområdet. Tilsvarande vart det sett noko forhøga verdiar av kalsium ved blodprøvar for eitt år sidan (2,67 mmol/L). Legen visste ikkje når prøvane vart tatt relativt til administrasjon av teriparatid. Legen lurer på om det er tilrådeleg å avslutte behandling med teriparatid og/eller kalsium/kolekalsiferol på bakgrunn av dette?

Sammanfattning: I første omgang bør ein prøve å fastslå tidspunkt for prøvetaking relativt til injeksjon med teriparatid, då forbigåande auke i kalsiumnivåa førekjem i timane etter injeksjon. Pasientens verdiar er berre lett forhøga, men dersom hyperkalsemien vurderast å vere signifikant, kan ein i første omgang vurdere å redusere kalsium- og/eller vitamin D-tilskotet. Ved fortsatt hyperkalsemi er det tilrådd å redusere teriparatid-injeksjonane til annakvar dag. Teriparatid bør seponerast dersom hyperkalsemien varar ved etter dette.

Svar: Det er kjend at teriparatid medfører ein forbigåande auke i serumkalsium etter injeksjon, liknande det mønsteret ein er kjend med for endogent PTH (1-3). Stigninga startar om lag 2 timar etter administrasjon, når maksimalkonsentrasjon etter 4-6 timar, og normaliserast 16-24 timar etter administrasjon. Det er derfor tilrådd at eventuelle blodprøvar som skal takast for serumkalsium, takast minst 16 timar etter siste injeksjon av teriparatid. Det er likevel ikkje naudsynt å rutinemessig monitorere kalsiumkonsentrasjonen under behandlinga med teriparatid (1, 2).

Ein eldre, liten studie på friske, frivillige postmenopausale kvinner (n=6) fann at toppkonsentrasjonane for kalsium etter éin enkeltdose med teriparatid var om lag 0,15 mmol/L over normalområdet for totalkalsium, og 0,12 mmol/L for fritt kalsium (4). Ein seinare, farmakokinetisk studie inkluderte 360 postmenopausale kvinner med osteoporose, som blei behandla med teriparatid eller placebo, og tilskot av kalsium og vitamin D (3). Kalsiumnivået vart målt gjennom dagen ved fleire høve under ein 18 månaders behandlingsperiode. Det vart funne at median auke i toppkonsentrasjonen for kalsium etter injeksjon med teriparatid var 0,1 mmol/L. Om lag 9 % av kvinnene behandla med teriparatid hadde kalsiumnivå over referanseområdet 4-6 timar etter injeksjonen (tidspunktet for toppkonsentrasjonen) (3).

Hyperkalsemi kort tid etter injeksjon er rapportert som ein biverknad av teriparatid, men då med verdiar for totalkalsium over 2,76 mmol/L (1, 5). Eit klinisk oppslagsverk set òg grensa for signifikant hyperkalsemi på tilsvarande nivå, og oppgjev at i slike tilfelle bør første steg vere å redusere kalsiumtilskotet til maksimalt 500 mg dagleg og/eller midlertidig seponere vitamin D-tilskotet (6). Dersom hyperkalsemien likevel varar ved, kan ein redusere teriparatid-doseringa til annakvar dag. Ved fortsatt signifikant hyperkalsemi etter dette, tilrådast det å seponere teriparatid (6).

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Forsteo. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 14. mai 2020).
  2. European Medicines Agency. Forsteo: EPAR - Scientific Discussion. https://www.ema.europa.eu/ (Sist oppdatert: 21. oktober 2005).
  3. Satterwhite J, Heathman M et al. Pharmacokinetics of teriparatide (rhPTH1-34) and calcium pharmacodynamics in postmenopausal women with osteoporosis. Calcif Tissue Int 2010; 87(6): 485-92.
  4. Schwietert HR, Groen EW et al. Single-dose subcutaneous administration of recombinant human parathyroid hormone rhPTH(1-84) in healthy postmenopausal volunteers. Clin Pharmacol Ther 1997; 61(3): 360-76.
  5. European Medicines Agency. Forsteo: EPAR - Procedural steps taken and scientific information after authorisation. https://www.ema.europa.eu/ (Sist oppdatert: 14. mai 2020).
  6. Rosen CJ. Parathyroid hormone/parathyroid hormone-related protein analog for osteoporosis. Version 25.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 5. mars 2020).