

Psykose etter influensavaksine
Fråga: Lege spør om ein vaksen pasient utan tidlegare dokumentert psykisk liding som no har fått akutte psykosesymptom. Pasienten har nyleg fått influensavaksine. Er det dokumentert psykose som mogleg biverknad av årets influensavaksine?
Svar: Vi antar at pasienten har fått inaktivert influensavaksine utan adjuvans. Her finst det to ulike vaksiner på marknaden i Noreg for sesongen 2020/2021; Vaxigriptetra og Influvactetra (1).
Psykose eller andre psykiske symptom er ikkje oppgitt som kjende biverknader av desse vaksinene gitt til vaksne (2, 3). Ved søk i PubMed og elles i litteraturen finn vi ingen haldepunkt for at vaksine mot sesonginfluensa er assosiert med utvikling av psykotiske symptom. Kunnskapsoppsummeringa frå Folkehelseinstituttet kva gjeld tryggleiken til inaktivert vaksine mot sesonginfluensa, omtalar heller ikkje psykiske lidingar eller symptom blant dei rapporterte biverknadane (4).
Folkehelseinstituttet har hovudansvar for vaksinerådgjeving i Noreg og har brei kompetanse på vaksiner og biverknader. Ved eventuelt behov for vidare diskusjon rundt tilfellet kan Folkehelseinstituttet si Vaksinerådgiving for helsepersonell kontaktast på 21 07 70 00 (open alle kvardagar kl. 13.00-14.30) eller via e-post: vaksine@fhi.no.
Referenser:- Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonsveilederen. Influensavaksine. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 23. oktober 2020)
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Influvactetra. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 17. august 2020).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Vaxigriptetra. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 17. august 2020).
- Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonsveilederen. Sikkerhet ved bruk av influensavaksine. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 27. april 2017).
