

Utbredt eksem og eosinofili hjå pasient under behandling med lamotrigin.
Fråga: Ein patolog stilller spørsmål vedrørande ein eldre pasient med kjend dårleg compliance som vart innlagd på sjukehus 4 månader etter oppstart av lamotrigin. Ti dagar etter innkomst tilkom det eit hissig makulært erytem på underestremitetane, som så spreidde seg til trunkus og overekstremitetane. Det tilkom etterkvart sivblødning frå endetarmen. Under opphaldet vart det også beskreve vesiklar på labia som ga mistanke om herpes infeksjon. Labverdiane viste eosinofili, forhøga kreatinin, normale trombocyttar og lavgradig CRP. Ved biopsi vart det funne uttalt lichenoide forandringar og infiltratar av eosinofile granulocyttar. I biopsi av ventrikkel vart det funne rikeleg med eosinofile granulocyttar i submucosa. Kan symptoma vere relatert til lamotrigin? Gitt dårleg compliance, autoseponering og sådan brå doseendring ved sjukehusinnleggelse.
Sammanfattning: Drug Reaction with Eosinophilia and Systemic symptoms(DRESS), også kalla hypersensitivitetssyndrom, kan utvikle seg i enkelte pasientar etter oppstart av lamotrigin, typisk innan 8 veker etter behandlingsstart. Dette syndromet er knytta til eit varierande mønster av systemiske symptom som omfattar eksem, feber, ansiktsødem, lymfadenopati, hematologiske abnormalitetar (eosinofili, atypisk lymfocytose) og affeksjon av indre organ (lever, nyrer, lunger mm.). Grunna mistanke om autoseponering og dermed brå dosendring ved innleggelse, kan DRESS vurderast som mogleg årsak til hendelsesforløpet i det aktuelle tilfellet.
Svar: I henhald til preparatomtalen av lamotrigin er hudutslett ein svært vanleg biverknad (>10%), som vanlegvis oppstår innan 8 veker etter behandlingsstart. Dei fleste hudusletta er milde, blir beskreve som makulopapulære og forsvinn ved seponering av legemiddelet. Det er for øvrig også rapportert om meir alvorlege utslett som krever sjukehusinnleggelse, som Stevens-Johnson syndrom(SJS), toksisk epidermal nekrolyse (TEN) og «Drug Reactions with Eosinophilia and systemic symptoms» (DRESS), sistnevnte blir også referert til som eit hypersensitivitetssyndrom (1).
DRESS-Drug reactions with eosinophilia and systemic symptoms.
DRESS er knytta til eit varierande mønster av systemiske symptom som omfattar eksem, feber, ansiktsødem, lymfadenopati, hematologiske abnormalitetar (eosinofili, atypisk lymfocytose) samt affeksjon av indre organ (lever, nyrer, lunger mm.) (2).
UpToDate beskriv at utslettet typisk involverer meir enn 50 % av kroppsoverflata og/eller inkluderer to eller fleire av følgjande symptom: ansiktsødem, infilterte lesjonar, plakk og purpura. Initielt er oftast andletet eller øvre brystkasse og ekstremitetar involvert. Andelen kroppsoverflate påverka er også ein viktig prediktor for alvorlegheitsgrad. Ansiksødem oppstår i om lag halvparten av pasientane. ALAT er forhøga i opptil 80 % av pasientane og i om lag 90 % av pasientane er organpåverknad involvert, korav lever og nyre er vanlegast (2).
Det er beskreve hyppige assosiasjonar med latente herpesinfeksjonar. Reaktivisering av HHV-6 eller andre virus sjåast i 50-60% av testa pasientar (2). Det finst også artiklar som omtalar reaktivering av herpes simplex virus (3). CMV høyrer til herpesvirusfamilien, kan bli reaktivert under DRESS og forårsake ulcus som igjen fører til gastrointestinal blødning (4).
Grunna dei store variasjonane i klinisk presentasjon krever diagnostisering av DRESS i dei fleste tilfella stor mistanke og god klinisk dømmekraft. For å hjelpe klinikarar til å bekrefte eller ekskludere DRESS, har det blitt danna eit scoringsystem kalla RegiSCAR (2).
Referenser:- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC). www.legemiddelverket.no (sist oppdatert 9. mars 2020)
- Mockenhaupt M. Drug reaction with eosinophilia and systemic symptoms (DRESS). Version In: UpToDate. www.helsebiblioteket.no (sist revidert oktober 2020). Version 32.0.
- Roujeau JC, Dupin N. Virus reactivation in Drug Reaction with Eosinophilia and Systemic Symptoms(Dress) Results from a Strong Drug-Specific Immune Response. J Allergy Clin Immunol Pract. May-Jun 2017;5(3):811-812.
- Hussain Z, Reddy BY et. al. DRESS syndrome: Part 1. Clinical perspectives. J Am Achad Dermatol 2013 May;68 (5):693.e1-14; quiz 706-8.
