

Dosering av klindamycin mikstur til barn
Fråga: Lege skriv resept på Dalacin mikstur 15 mg/ml med dosering 3 gonger dagleg i 7 dager til barn på 3 år med impetigo-infeksjon. Farmasøyt spør om ikkje generell tilråding er å dosere 4 gonger dagleg? Vidare vert det spurt om det finst tilfelle der det kan vere hensiktsmessig å dosere 3 gonger dagleg framfor 4 gonger dagleg?
Sammanfattning: Dersom lege i primærhelsetenesta skal føreskrive klindamycin mot impetigo hos barn bør ein følgje tilrådingane i Nasjonale faglege retningslinjer for antibiotikabruk i primærhelsetenesta som oppgir dosering 20 mg/kg per døgn fordelt på tre doser dagleg. Ut frå farmakokinetiske og farmakodynamiske prinsipp er det noko uklart kor ofte det er naudsynt å dosere klindamycin. Det er mogeleg at dette er årsaken til skilnadar i tilrådingar mellom ulike retningslinjer og oppslagsverk.
Svar: Det kan sjå ut til at råda for dosering av klindamycin ved impetigo (brennkoppar) hos barn varierer mellom ulike retningslinjer og oppslagsverk.
I preparatomtalen (SPC) til Dalacin mikstur er dosering 5 ml 4 gonger dagleg oppgitt for pediatrisk populasjon. Alternativt 8-25 mg/kg/dag (1). Ved behov for systemisk behandling mot impetigo tilrår Legevakthåndboken klindamycin kapslar eller mikstur 3 mg/kg kroppsvekt 4 gonger dagleg (2), same dosering er også oppgitt i Norsk legemiddelhandbok (3).
I Akuttveileder for pediatri er tilrådd dosering av peroral klindamycin ved impetigo 8 mg/kg 3 gonger i døgnet (4). Også retningslinjene for antibiotikabruk i primærhelsetenesta tilrår dosering av klindamycin 3 gonger i døgnet ved impetigo hos barn (5). I følgje retningslinjene skal barn under 20 kg med utbreidd affeksjon av impetigo behandlast med klindamycin mikstur 15 mg/ml med dosering 20 mg/kg per døgn, fordelt på 3 doser, i 7 dagar. For vaksne og barn >12 år skal klindamycin doserast 4 gonger dagleg (5). Vi er ikkje kjent med kva som er bakgrunnen for kvifor ein i denne retningslinja tilrår dosering 3 gonger dagleg for barn og 4 gonger for vaksne. I retningslinja vert det vist til ein artikkel som tilrår 10 til 25 mg/kg per døgn fordelt på dosar kvar 6. til 8. time (6) og til BMJ som tilrår 10-30 mg/kg/dag gitt i dosar kvar 6.-8. time hos barn med utbreidde kutane (hud) lesjonar (7).
Også andre kjelder tilrår dosering av klindamycin 3 gonger dagleg ved impetigo hos barn (8,9).
RELIS har også tidlegare svart på spørsmål om doseringsintervall for klindamycin. I høve til farmakokinetiske og farmakodynamiske prinsipp er det noko uklart kor ofte det er naudsynt å dosere klindamycin. Klindamycin utøver tidsavhengig bakteriedrap, har kort postantibiotisk effekt og halveringstid på 2-3 timar. Klindamycin føl likevel ikkje modellen med tid over minste hemmande konsentrasjon (MIC) slik som fenoksymetylpenicillin. For fenoksymetylpenicillin er det viktig å dosere mange gongar i døgnet for å halde konsentrasjonen i kroppen over MIC i store nok delar av døgnet. For klindamycin har forholdet mellom 24-timers totaleksponering og eksponering over MIC betyding, såkalla AUC 0-24 /MIC (10,11).
Referenser:- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Dalacin mikstur. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 26. november 2018).
- Legevakthåndboken. Impetigo. https://lvh.no/ (Lest: 26. november 2020).
- Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Monografi. http://legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: dd. måned åååå).
- Norsk barnelegeforening. Akuttveileder i pediatri: Impetigo Contagiosa (Brennkopper). https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist revidert: 2012)
- Antibiotikabruk i primærhelsetjenesten. Impetigo. Helsedirektoratet, Antibiotikasenteret for primærmedisin. http://www.antibiotikaiallmennpraksis.no/ (Sist oppdatert: 16. juni 2020).
- Hartman-Adams H, Banvard C et al. Impetigo: diagnosis and treatment. Am Fam Physician. 2014 Aug 15;90(4):229-35.
- Impetigo. In: BMJ Best practice. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 7. oktober 2020).
- Micromedex® 2.0 (online). Clindamycin (Drugdex System). https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 14. november 2020).
- Lexicomp in UpToDate. Clindamycin (systemic): Pediatric drug information. https://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: 27. november 2020).
- RELIS database 2016; spm.nr. 7564, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
- RELIS database 2013; spm.nr. 2544, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
