Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Langvarig antibiotikabehandling, orale og intranasale glukokortikoider ved kronisk sinusitt



Fråga: Pasient har fått forskrive behandling frå ØNH-lege. Doksysyklin 100 mg dagleg i 8 veker, prednisolon 40 mg dagleg i 5 dagar, deretter 20 mg dagleg i 5 dagar og budesonid (Pulmicort) inhalasjonsvæske til skylling av bihuler. Apotekfarmasøyt spør om dette er kjent behandling av det som truleg er ein kronisk sinusitt? Lurar særleg på lengden på antibiotikabehandlingen.

Sammanfattning: Peroral prednisolonbehandling og bruk av budesonid oppløysing som nasedråpar ved kronisk sinusitt er skildra i ulike oppslagsverk. Langvarig behandling med antibiotika mot kronisk bihulebetennelse er ikkje rutinemessig behandling i allmennpraksis. Slik behandling kan likevel vere aktuelt for utvalde pasientar etter vurdering av ØNH-spesialist.

Svar: Peroral prednisolonbehandling og bruk av budesonid inhalasjonsvæske som nasedråpar er omtalt som aktuell behandling ved kronisk rhinosinusitt i ulike oppslagsverk (1,2). Ved behandlingsresistent rhinosinusitt vert orale glukokortikoider i form av prednisolon 40 mg i 5 dagar etterfulgt av 20 mg i 5 dagar foreslått (2). Bruk av dråpar/oppløysingar som budesonid inhalasjonsveske kan vere å foretrekke framfor glukokortikoid nasespray blant anna fordi desse når betre fram til midtre nasemusling der det ofte vert danna polyppar (2).

Systemisk antibiotikabehandling hos pasientar med kronisk sinusitt kan vurderast hos utvalde pasientar basert på undersøkingar og endoskopiske funn. Val av antibiotika bør i utgangspunktet gjerast på bakgrunn av resistensbestemming (1,2). Doksysyklin i 20 dagar vert oppgitt som alternativ i BMJ sine retningslinjer for behandling av kronisk sinusitt (1). Langvarig antibiotikabehandling (opp til 3 månadar) mot kronisk rhinosinusitt er undersøkt i studier, med varierande resultat (2). UpToDate viser til at varigheit av antibiotikabehandling ved kronisk rhinosinusitt ikkje har vorte studert prospektivt og at avgjersler knytt til varigheit av behandling hos kvar einskild pasient bør avgjerast ved individuell vurdering (3).

Referenser:
  1. Chronic sinusitis. In: BMJ Best practice. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 4. August 2020).
  2. Hamilos DL, Holbrook EH. Chronic rhinosinusitis: Management. Version 30.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 30. oktober 2020).
  3. Brook I. Microbiology and antibiotic management of chronic rhinosinusitis. Version 28.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 16. juni 2020).