

Bitter smak i munnen ved bruk av kalsipotriol/betametason
Fråga: Pasient brukar kalsipotriol/betametason (Enstilar) mot psoriasis på trunkus og underekstremitetar og opplever ein bitter smak i munnen ved bruk. Lege har ikkje funne dette skildra, spør om det likevel kan vere ein samanheng.
Sammanfattning: Vi har ikkje funne omtalt bitter smak i munnen som biverknad av behandling med kalsipotriol/betametason og ser det som lite sannsynleg at pasienten sine plager skuldast bruk av kombinasjonspreparat med desse legemidla.
Svar: Ved søk i preparatomtale og andre legemiddelmonografiar har vi ikkje funne at bitter smak i munnen eller andre biverknadar knytt til smakssansen er skildra for topikale kalsipotriol/betametason kombinasjonspreparat eller kalsipotriol og betametason kvar for seg. Vi har heller ikkje funne dette omtalt ved søk i PubMed.
I ein artikkel frå UpToDate der ein tar for seg legemiddel som kan påverke smakssansen vert verken kalsipotriol, betametason eller andre glukokortikoider nevnt (1).
Hypogeusi (svekka smakssans) er skildra som biverknad ved topikal bruk av kortikosteroider på oral slimhinne (2). Glukokortikoider administrert intranasalt har også blitt rapportert å kunne gje smaksforandringar, tap av smakssansen og ubehagelig smak i munnen (3a,b). Vi har ikkje funne at dette er skildra ved systemisk bruk av glukokortikoider. Det ser difor ut til at bakgrunnen for desse biverknadane er lokale effektar.
Referenser:- Lafreniere D. Overview of taste and olfactory disorders in adults. Version 44.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 17. august 2020).
- British National Formulary (BNF). Corticosteroids, general use. In: Medicines Complete. https://www.medicinescomplete.com/ (Sist oppdatert: 7. oktober 2020).
- Micromedex® 2.0 (online). a) Beclomethasone (Drugdex System). (Sist oppdatert: 4. september 2020). b) Mometasone (Drugdex System). (Sist oppdatert: 30. oktober 2020). https://www.helsebiblioteket.no/.
