

Blanding av sertralin mikstur og paracetamol brusetablettar, og vitamin D3 dropar og kaliumsitrat mikstur
Fråga: Pasient brukar sertalin (Zoloft) mikstur, paracetamol (Paracet) brusetabletter, kaliumsitrat (Kajos) mikstur og vitamin D3 (Detremin) dropar. Legemidla vert administrert ved å blande sertralin mikstur i utblanda paracetamol brusetablettar og vitamin D3 dropar i kaliumsitrat mikstur. Sjukepleiar i heimesjukepleien spør om dette er greitt eller om legemidla bør bli gitt kvar for seg.
Sammanfattning: Generelt er det tilrådd og administrere kvart legemiddel for seg. Opplysningar i preparatomtale bør følgjast. Ved avvik frå dette, påtar forskriver og den som administrerer legemiddelet seg eit særleg ansvar. Dersom ein vel å blande legemiddel før administrering bør dette gjerast like før bruk. Vi er ikkje kjent med om pasienten opplever god effekt av legemidla sine. Særleg ved administrering utanom det som er tilrådd i preparatomtale, bør ein følgje med på effekt av legemidla.
Svar: Blanding av legemiddel før administrering er svært ofte ikkje undersøkt og forskrivar og den som administrerer legemiddelet påtar seg dermed eit særleg ansvar. Ved administrering av legemiddel tilrår ein generelt å administrere kvart legemiddel for seg og i samsvar med preparatomtale.
Sertralin og paracetamol
For sertralin konsentrat til mikstur er det i preparatomtalen oppgitt at konsentratet skal blandast med eitt glas vatn, ingefærøl, sitron/lime-mineralvatn med eller uten kolsyre, eller appelsinjuice. Konsentratet skal ikkje blandast med andre væsker og oppløysinga må brukast umiddelbart etter fortynning (1).
For paracetamol er det ikkje oppgitt andre opplysningar kring administrasjon enn at brusetabletten skal løysast i vatn (2).
Vi har ikkje funne informasjon om eventuell påverknad av stabiliteten av legemidla ved blanding av sertralin konsentrat til mikstur i løysing av paracetamol brusetablett. Vi kan difor ikkje tilrå at dette vert gjort. Dersom det av særskilte årsaker likevel er naudsynt å blande desse legemidla vil vi tilrå at dette vert gjort umiddelbart før administrering.
Kaliumsitrat og Vitamin D3
Produsenten av vitamin D3 dropar oppgjev at dropane kan blandast i mat eller drikke (3). For kalsiumsitrat mikstur er det ikkje oppgitt spesielle opplysningar i høve til administrasjon i preparatomtalen (4). Sjølv om vi ikkje reknar med at dette er problematisk, har vi ikkje funne konkret informasjon om blanding av vitamin D3 dråper i kaliumsitrat mikstur vil påverke stabiliteten av legemidla. Visst ein vel å blande vitamin D3 dråper i kaliumsitrat mikstur bør også dette gjerast like før administrering.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Zoloft konsentrat til mikstur. https://www.legemiddelsok.no/(Sist oppdatert: 6. september 2017).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Paracet brusetabletter. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 23. juli 2019).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Detremin. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 29. mai 2020).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Kajos. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 19. november 2020).
