

Dosering av lidokain 2% viskøs
Fråga: Kan ein svelge lidokain (Xylocain) 2% viskøs? Kva er maksdosen? Spørsmål frå sjukehuslege.
Svar: Lidokain (Xylocain) 2% viskøs er ein mikstur til oral bruk og kan svelgast (1). Preparatet er ikkje registrert i Noreg og må skaffast på godkjenningsfritak. For preparatomtale til aktuelt produkt kan sjukehusapoteket som har levert legemiddelet kontaktast.
Lidokain 2% viskøs var tidlegare tilgjengeleg på den amerikanske marknaden, og i følgje (utgått) preparatomtale er vanleg dosering til vaksne 15 ml/dose (1). For bruk i munnen skal løysinga skyllast rundt i munnen og spyttast ut, mens for effekt i svelget skal løysinga gurglast og svelgast. Det bør gå minimum 3 timar mellom kvar dose (maks 8 dosar per dag) og ein einskild dose bør ikkje overstige 4,5 mg/kg (maks 300 mg).
Referenser:- U.S. Food and Drug Administration (FDA). Label information 2% Xylocaine Viscous. https://www.accessdata.fda.gov/scripts/cder/daf/ (Godkjent: september 2014).
