

Informasjon om koparspiral
Fråga: Lege i allmennpraksis har fått spørsmål frå pasient om ho kan få Ballerine som prevensjonsmiddel. Er dette eit prevensjonsmiddel som er utprøvd og anbefalt? Er det noko ein som fastlege kan sette inn?
Svar: Ballerine er ein relativt ny koparspiral som er forma som ein tredimensjonal ball, i motsetnad til tradisjonelle koparspiralar som er T-forma (1).
Koparspiralar definerast som medisinsk utstyr, og ikkje som legemiddel. Det er Statens legemiddelverk som er fag- og tilsynsmyndigheit for medisinsk utstyr i Noreg (2). Sidan dette ikkje er eit legemiddel, er det ikkje særleg informasjon å finne om Ballerine i RELIS sin spesiallitteratur.
På heimesida til marknadsførar av dette produktet i Skandinavia er det litt informasjon om mellom anna bruk og biverknader, men ikkje noko dokumentasjon frå studiar eller anna (1). Ved søk i PubMed finn vi to små studiar frå produsenten av denne koparspiralen. Her er kvinner og legar spurt om deira erfaringar om lag 12 månader etter innsetting av spiralen. Det ser ikkje ut til å vere særlege skilnader frå andre koparspiralar. Utstøytings-raten var på 3,4 % i den eine studien og 5,3 % i den andre. Graviditetsraten var på 0,57 % og 1,4 %. På studietidspunktet (12 månader eller meir etter innsetting) var andelen kvinner som framleis brukte spiralen på 75 og 68 % (3, 4).
Sex og samfunn omtalar i si emetodebok bruk av koparspiralar, men dei anbefaler ikkje ein spesiell type (5). For informasjon rundt mellom anna bruk, innsetting og kontroll av koparspiral viser vi til denne kjelda.
- Solann AB. Ballerine kobberspiral. https://www.ballerine.no (Lest 21. desember 2020).
- Statens legemiddelverk. Medisinsk utstyr. https://legemiddelverket.no
- Baram I, Aharon A et al. Real-world experience with the IUB Ballerine MIDI copper IUD: an observational, single-centre study in Israel. Eur J Contracept Reprod Health Care 2020; 25(1): 49-53.
- Yaron M, Viviano M et al. Real-world experience with the IUB Ballerine MIDI copper IUD: an observational study in the French-speaking region of Switzerland. Eur J Contracept Reprod Health Care 2019; 24(4): 288-93.
- Sex og Samfunn. eMetodebok for seksuell helse. Prevensjonsmidler – hormonfri prevensjon – kobberspiral. https://emetodebok.no (22. desember 2020)