Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Framtidig bruk av amoksicillin etter amoksicillin/klavulansyre-indusert hepatitt



Fråga: Ein pasient utvikla hepatitt etter fleire vekers behandling med amoksicillin/klavulansyre (Augmentin). Ein har undersøkt anna patologi, men legemiddelindusert hepatitt framstår som mest sannsynleg. RELIS har kjennskap til fleire detaljar rundt hepatittforløpet til pasienten, men dette attgjevast ikkje her av personvernomsyn. Legen ønskjer råd med tanke på framtidig bruk av amoksicillin og andre penicillin-antibiotika, då pasientens ofte har behov for antibiotikabehandling. Pasienten har ikkje reagert på andre antibiotika tidlegare. Spørsmål frå sjukehuslege.

Sammanfattning: Kombinasjonen amoksicillin/klavulansyre er blant dei vanlegaste årsakene til legemiddelindusert leverskade (DILI). Reeksponering med amoksicillin/klavulansyre eller andre penicillin i kombinasjon med klavulansyre er fråråda etter DILI, medan reeksponering med amoksicillin åleine ikkje assosierast med residiv. Amoksicillin åleine er berre i sjeldne tilfelle årsaka til DILI. Sjølv om ein ikkje kan utelukke at hepatitten er årsaka av amoksicillin åleine, er det lite truleg på bakgrunn av presentasjonen av leverskaden hos den aktuelle pasienten og sjukehistoria for øvrig. Bruk av amoksicillin og andre penicillin synast såleis ikkje kontraindisert for pasienten.

Svar: Hepatitt og leverbiverknader etter bruk av Augmentin har vorte rapportert etter marknadsføring, ifølgje preparatomtalen. Det har i hovudsak ramma menn og eldre pasientar og kan vere assosiert med langvarig behandling. I dei fleste tilfella oppsto teikn og symptom på leverpåverknad under eller like etter behandling (1).

Amoksicillin/klavulansyre er ein av dei vanlegaste årsakene til legemiddelindusert leverskade (drug-induced liver injury – DILI) (2a). Symptombiletet inkluderer vanlegvis fatigue, låggradig feber, kvalme og magesmerter, etterfølgt av kløe og gulsot. Aukinga i leverenzym følgjer vanlegvis eit mønster som ved kolestase, med større auke i ALAT og GT, men kan i somme tilfelle òg indikere blanda skade. Slike biverknader er vanlegvis reversible, men kan i somme tilfelle utvikle seg til meir alvorleg leverskade (1, 2a).

Mekanismen er ukjend, men er sannsynlegvis immunologisk, og somme opplev òg immunmedierte reaksjonar i forløpet (feber, utslett, eosinofili). Danning av autoantistoff er ikkje vanleg. Genetiske studiar indikerer ein link til enkelte HLA-typar (DRB1*15:01-DRB5*01:01-DQB1*06:02) (2a).

Leverskade etter bruk av amoksicillin/klavulansyre tilskrivast i hovudsak klavulansyre, då reeksponering for amoksicillin åleine ikkje assosierast med residiv. Reeksponering med kombinasjonen gjev vanlegvis raskt innsetjande symptom på leverskade, ofte meir alvorleg enn ved første eksponering. Liknande typar leverskade har òg vore rapportert for andre penicillin-antibiotika i kombinasjon med klavulansyre, men ikkje ved bruk av andre betalaktamasehemmarar åleine (tazobaktam og sulbaktam) (2a).

Berre i sjeldne tilfelle har ein tilskrive DILI til amoksicillin åleine. I desse tilfella oppstår DILI gjerne kort tid etter oppstart med legemidlet (frå få dagar til to veker). Dei få kasusrapportane har beskrive mønster foreinleg med hepatocellulær skade (forhøga ALAT og ASAT, minimal auke i ALP, rask restitusjon etter seponering), men kolestase er òg rapportert (2b). Mønsteret for DILI kan synast å vere noko annleis for amoksicillin åleine, samanlikna med DILI etter amoksicillin/klavulansyre (2c).

Ifølgje eit anerkjend oppslagsverk for DILI, oppgjevast det at reeksponering med amoksicillin åleine er trygt etter DILI årsaka av amoksicillin-klavulansyre (2a). I tilfella der amoksicillin åleine har gjeve DILI, er det rapportert om ny leverskade ved reeksponering for amoksicillin, eit anna aminopenicillin eller cefalosporin (2b).

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Augmentin. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 2. desember 2020).
  2. National Institute of Diabetes and Digestive and Kidney Diseases, National Library of Medicine (U.S). LiverTox: Clinical and research information on drug-induced liver injury. a) Amoxicillin-clavulanate, b) Amoxicillin, c) Penicillins (3rd Generation). https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/NBK548318/ (Sist oppdatert: 20. oktober 2020).