

Dosering av medisinsk cannabis
Fråga: Pasient som slit med søvn på grunn av angst har forsøkt søvnhygieneråd og ikkje-vanedannande søvninduserande legemiddel utan effekt. Pasienten ynskjer å prøve Bedrocan tørka blomst, med planar om å røyke som administrasjonsmåte. Lege spør om dosering av Bedrocan og om produktet kan gje ruseffekt/tilvenningsfare? Pasienten har tidlegare brukt hasj og kokain. No stabilit forbruk av benzodiazepiner (mot angst) og opioider (mot smerter).
Sammanfattning: Bedrocan er ikkje eit godkjent legemiddel og det er ikkje tilstrekkeleg undersøkt kva dosar ein skal nytte ved ulike medisinske tilstandar. Bedrocan innheldt THC, som vert rekna som det viktigaste psykoaktive stoffet i cannabis og kan avhengig av dosering og inntaksmåte gje ruseffekt og fare for avhengigheit.
Svar: Bedrocan er eit medisinsk cannabisprodukt som vert produsert av eit nederlansk firma med same namn. Produktet inneheldt 22% tetrahydrocannabinol (THC) og <1% cannabidiol (CBD) (1). THC vert rekna som det viktigaste psykoaktive stoffet i cannabis, mens CBD ikkje er rusgjevande. Bedrocan er ikkje godkjent som legemiddel og det er ikkje tilstrekkeleg undersøkt kva dosar ein skal nytte ved ulike medisinske tilstandar.
Ein rusdose cannabis er definert til å innehalde 25 mg THC. Det er den mengda som hos ein ikkje tilvendt person vil kunne gje ruspåverknad tilsvarande ein alkoholpromille på 1 (2). Vanlig inntaksmåte er ved røyking, og dette vil gjere at ein raskt oppnår systemiske rusgjevande konsentrasjonar. Avhengig av forskrevet dose og inntaksmåte har Bedrocan difor potensiale både til å gje ruseffekt og tilvenning. Medisinsk cannabis vil då også kunne vere avhengigheitsskapande, særleg bør ein vere merksam på dette ved tidlegare misbruk (1). Inntak av Bedrocan via røyking er kontraindisert (1).
Dosering
Bedrocan er som nemnd ikkje godkjent som legemiddel og det er ikkje tilstrekkeleg undersøkt kva dosar ein skal nytte ved ulike medisinske tilstander. Det nederlandske cannabisbyrået har på sine nettsider eit informasjonsskriv for legar og farmasøyter. Her vert det oppgitt dosering ved administrering i form av te eller i fordampar. Denne doseringa er ikkje tilstrekkeleg underbygd vitskapleg.
I informasjonsbrosjyra vert det oppgitt at ein bør starte med ein låg dose for å minimere risikoen for psykologiske biverknadar med gradvis auke i dosering avhengig av effekt på pasienten sine symptom (1). Det er ikkje definert ein maksimumsdose (1). Det vert også oppgitt at absorpsjonen av dei aktive substansane i cannabis har stor interindividuell variasjon, dette gjer at det også vil vere stor skilnad i dosering mellom pasientar (1).
Bedrocan i form av finmalte blomsterhovud (granulat) kan administrerast som te eller i fordampar (vaporizer). Absorpsjon av THC frå te er langsommere enn absorpsjon frå fordamper. Røyking som administrasjonsmåte er kontraindisert på grunn av moglege helseskadelege effektar (1).
Te
Te kan lagast ved å koke opp 0,5 liter vatn og tilsetje 0,5 gram (2 teskeier) medisinsk cannabis. Informasjon om tillaging finst i informasjonsbrosjyre for helsepersonell (1) eller i pasientinformasjonsbrosjyre. Startdosering er oppgitt å vere 1 kopp (0,2 liter) te om kvelden. Dersom dette ikkje gjer tilfredsstillande effekt etter 1 – 2 veker kan ein auke doseringa til 1 kopp 2 gongar dagleg (1).
Inhalasjon
Startdose er 200 mg (1 teskei) medisinsk cannabis i fordampar. Initialt ein inhalasjon. Vent 5 til 15 minutt til neste inhalasjon. Dette kan gjentakast til ein har oppnådd ønska effekt eller til biverknadar oppstår. Ved oppstart av behandling kan dette gjerast ein til to gonger dagleg (1). Kor mykje av dei aktive virkestoffa ein får i seg vil også avhenge av oppvarming, inhalasjonsteknikk, talet på inhalasjonar, tida mellom inhalasjonane og lungekapasitet. Ved behov kan doseringa aukast gradvis (1).
I ei studie på 20 pasientar der ein såg på terapeutisk effekt, tolerabilitet/sikkerheit og biverknadar av Bedrocan formulert som sublingual olje konkluderar ein med at 3 månadars bruk av medisinsk cannabisolje var godt tolerert. Doseringa som vart brukt var 5 g Bedrocan (22% THC/<1% CBD) i 50 ml olivenolje, initialt 0,5 ml i døgnet med gradvis titrering til 1 ml i døgnet. Dette tilsvarar 11 til 22 mg THC (3).
Når det er sagt varierar doseringa av medisinsk cannabis i studiar. I ein systematisk oversiktsartikkel der ein såg på effekten av cannabis på ulike smertetilstandar varierte doseringa av THC frå 2,5 mg til 130 mg (4). Til samanlikning inneheld ein dose Sativex®, eit godkjent legemiddel mot spastisitet, 2,7 mg THC brukt som spray i munnhola (5). Maksimal anbefalt dose er 12 spraydoser i døgnet, dvs. 32,4 mg. Dersom en ikkje oppnår ønska effekt skal behandlinga avsluttast. Vidare doseauke er ikkje anbefalt (5).
Når det gjeld effekten av cannabis på angst og andre psykiske sjukdomar er dette omdiskutert og ein har lite evidens for effekt (6,7).
Forskriving
For medisinsk cannabis med over 1% THC er det berre spesialister i sjukehus som kan søke om godkjenningsfritak (8). Legen må etter ei samla vurdering begrunne kvifor denne typen behandling er naudsynt (8). Meir informasjon finst på legemiddelverket sine nettsider.
Import
Dersom pasienten sjølv har til hensikt å få resept på Bedrocan frå lege i Nederland og innføre det til Norge, seier regelverket at pasienten vil kunne innføre ei mengd som svarer til eit personlig forbruk i 7 dagar (9). Det må medbringast resept frå nederlandsk lege som dokumentasjon. Dersom pasienten har erklæring frå lege i Norge som spesifiserer behov for denne type medikasjon vil det være tillatt å medbringe ei mengde medisinsk cannabis som tilsvarer 30 dagers personlig forbruk (9). Meir informasjon om dette finst også på legemiddelverket sine nettsider.
- Office of Medical Cannabis. Medical Cannabis – Information brochure for doctors and pharmacists. https://english.cannabisbureau.nl/ (Sist oppdatert: 29. August 2019)
- Samferdselsdepartementet. Revidering av «forskrift om faste grenser for påvirkning av andre berusende eller bedøvende midler enn alkohol m.m.». https://regjeringen.no/ (Publisert: januar 2015)
- Palmieri B, Laurino C et al. Spontaneous, anecdotal, retrospective, open-label study on the efficacy, safety and tolerability of cannabis galenical preparation (Bedrocan). Int J Pharm Pract. 2019 Jun;27(3):264-270.
- Stockings E, Campbell G et al. Cannabis and cannabinoids for the treatment of people with chronic noncancer pain conditions: a systematic review and meta-analysis of controlled and observational studies. Pain. 2018 Oct;159(10):1932-1954.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Sativex. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 10. mai 2019).
- Black N, Stockings E et al. Cannabinoids for the treatment of mental disorders and symptoms of mental disorders: a systematic review and meta-analysis. Lancet Psychiatry. 2019 Dec;6(12):995-1010.
- Stanciu CN, Brunette MF et al. Evidence for Use of Cannabinoids in Mood Disorders, Anxiety Disorders, and PTSD: A Systematic Review. Psychiatr Serv. 2021 Feb 3
- Statens Legemiddelverk. Prosedyre for behandling med medisinsk cannabis innenfor dagens regelverk. https://legemiddelverket.no/ (Sist oppdatert: 10. August 2020 )
- Statens Legemiddelverk. Legemidler på reise inn til Norge. https://legemiddelverket.no/ (Sist oppdatert: 17. April 2020 )