

Skilnadar i kontraindikasjonar mellom generika
Fråga: Fastlege spør om det er riktig at nokre synonympreparat til Cerazette inneheld nøtter? Legen har pasientar som har fått opplyst dette på apotek.
Svar: Vi har ikkje funne informasjon om at Cerazette (desogestrel) inneheldt nøtter, verken i preparatomtalen (SPC) eller pakningsvedlegget/pasientinformasjonen (1a). Det er heller ikkje oppgitt at nøtteallergi er ein kontraindikasjon for bruk av Cerazette (1a). Det same gjeld synonympreparata Vinelle og Desogestrel Orifarm (1b,c).
For synonympreparatet Desirett er det derimot oppgitt i preparatomtalen at legemiddelet er kontraindisert hos pasientar med overfølsomheit for soya og peanøtter (1d). Dette har truleg samanheng med at legemiddelet inneheld soyaolje som eit av hjelpestoffa. RELIS har tidlegare omtalt kontraindikasjon ved peanøttoverfølsomheit ved preparat som inneheld soyaolje som hjelpestoff (2-4). Her vert det oppgitt at årsaken til denne kontraindikasjonen er at det er rapportert kryssallergireaksjonar mellom soyaprotein og peanøttprotein (4). Det er likevel uavklart kor stor risikoen for kryssallergi mellom peanøtt og soyaolje er i praksis (4).
I byttelisten til legemiddelverket er alle dei nemnde legemidla (Cerazette, Vinelle, Desogestrel Orifarm og Desirett) bytbare utan merknadar (5).
Referenser:- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Cerazette (Sist oppdatert: 2. september 2020) b) Vinelle (Sist oppdatert: 21. januar 2021) c) Desogestrel Orifarm (Sist oppdatert: 27. august 2020) d) Desirett (Sist oppdatert: 2. november 2020). https://www.legemiddelsok.no/
- RELIS database 2020; spm.nr. 14319, RELIS Vest. (www.relis.no)
- RELIS database 2020; spm.nr. 8234, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
- RELIS database 2020; spm.nr. 13329, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
- Statens legemiddelverk. Byttelisten per 1. juni 2021. https://www.legemiddelverket.no/ (Publisert: 25. mai 2021).
