Frågedatum: 2021-06-16
RELIS database 2021; id.nr. 14880, RELIS Vest
[email protected]
www.svelic.se

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Omalizumab og Covid-19-vaksinasjon



Fråga: Allmennlege har pasient som behandlast med omalizumab (Xolair) injeksjon kvar fjerde veke. Pasienten er sett opp til vaksinasjon med Covid-19-vaksina Comirnaty ei veke etter neste planlagde injeksjon med omalizumab. Er dette ok, eller bør det vere eit lenger intervall mellom dei to injeksjonane?

Svar: Gjeldande tilrådingar for koronavaksinasjon av personar som står på immunsupprimerande behandling gjevast av Folkehelseinstituttet (FHI) i Vaksinasjonsveilederen (1), For immunsupprimerande (eller -modulerande) behandling som gjevast med éin eller fleire vekers mellomrom er tilrådinga følgjande:

Vaksine bør ideelt sett gis når det nærmer seg tid for neste dose dersom det er mulig for best mulig vaksinerespons. Likevel er det ikke grunn til å utsette vaksinering dersom tidspunktet for vaksinasjon ikke kan planlegges ideelt. Dette på grunn av krevende logistikk rundt vaksinasjonstider i kommunene.

Behandlende lege vurderer om det er grunnlag for å utsette neste behandlingsdose av det immunsupprimerende legemiddelet for å gi tid til vaksinerespons. Dette må vurderes i forhold til pasientens grunnsykdom og behov for kontinuitet i behandling.


Generelt sett vil pasientar på immunsuppresjon ofte få tilbod om vaksiner på eit gunstig tidspunkt i forhold til behandlinga, til dømes like før ny behandlingsdose eller i ein behandlingspause. Sjølv om vaksineresponsen kan reduserast ved samtidig immunsuppresjon, kan risiko for alvorleg sjukdom av Covid-19 vere høg for immunsupprimerte pasientar. FHI vurderer derfor at sjølv ein redusert vaksineeffekt (nytte) av Covid-19-vaksinasjon er viktig for denne pasientgruppa og at risiko for alvorlege biverknader er låg (1).

Dersom informasjonen i Vaksinasjonveilederen ikke gjev godt nok svar på det du spør om, ber vi om at vidare spørsmål rettast til [email protected], då det er FHI som har ansvar for kornavaksinasjonsprogrammet i Noreg, utarbeider den faglege informasjonen rundt dette, og dermed har best kompetanse på denne typen spørsmål. Folkehelseinstituttet ber om at det ikkje sendast særlege kategoriar av personopplysningar (helseopplysningar) på e-post. Dersom det er umogleg å stille eit spørsmål utan å ta med slike opplysningar, anbefaler vi å ringe vaksinetelefonen (tlf: 21 07 70 00 - open alle kvardagar kl. 13-14.30).

Referenser:
  1. Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonsveilederen: Koronavaksine – informasjon til helsepersonell. https://www.fhi.no/nettpub/vaksinasjonsveilederen-for-helsepersonell/vaksiner-mot-de-enkelte-sykdommene/koronavaksine/ (Sist oppdatert: 9. juni 2021).