

Tredje dose av hepatitt A+B-vaksine
Fråga: Ein lege har ein pasient som tidlegare har fått dose 1 og dose 2 av hepatittt A+B-vaksine. Pasienten lurer på om tredje dose kan setjast no? Legen lurer på om pasienten må gjennomgå ein ny runde med vaksinasjon då det har gått lang tid sidan dei to første dosane (spesifikk tid ikkje oppgjeve). Eller kan pasienten få ein dose no og reknast som fullvaksinert?
Sammanfattning: Dersom normalt tilrådd vaksinasjonsregime for dose 1 og dose 2 er følgt kan pasienten fullføre det allereie påbyrja vaksinasjonsregimet. Då det ikkje presiserast spesifikke tidsintervall i spørsmålet, verken kva tidsintervallet mellom dose 1 og dose 2 har vore eller kor lenge det er sidan pasienten fekk dose 2 av hepatitt A+B-vaksina, må vurderinga av behovet for fleire dosar gjerast av behandlande lege, eventuelt i såmråd med vaksinerådgjevinga på FHI.
Svar: Generelt tilrår vi å kontakte vaksinerådgjevinga på Folkehelseinstituttet (FHI) ved spørsmål om vaksiner, som ein ikkje finn svar på i vaksinasjonsrettleiaren. Dei kan kontaktast på vaksine@fhi.no eller på telefon 21 07 70 00 (opningstid kvardagar mellom kl. 13.00 og 14.30). Under oppsummerer vi informasjonen i vaksinasjonsrettleiaren for vaksinering av vaksne med hepatitt A+B-vaksine.
Ifølgje Folkehelseinstituttet sin vaksinasjonsrettleiar er det tilrådde intervallet mellom to dosar vanlegvis å rekne som minimumsintervall. Berre nokre få vaksiner verkar dårleg, dersom det går for lang tid mellom dosane, og i slike tilfelle er maksimumsintervallet spesielt presisert (1). For hepatitt B-vaksina presiserast det at det er viktig å overhalde minimumsintervallet mellom dosane, men at det ikkje er noko maksimumsintervall (2).
I vaksinasjonsrettleiaren for hepatitt A+B-vaksina oppgjevast det eit minimumsintervall på 4 veker mellom dose 1 og dose 2 og at skydd oppnåast hos meir enn 95 % av dei vaksinerte 1-2 veker etter slik basisvaksinasjon. Dose 3 sikrar langtidsskydd, som varer i fleire tiår, og minimumsintervallet mellom dose 2 og 3 er 4 månader (3).
Antigeninnhaldet i ein dose hepatitt A+B-vaksine tilsvarer ½ dose hepatitt A-vaksine og 1 dose hepatitt B-vaksine (3). For hepatitt A-vaksina åleine oppgjevast det at éin dose rein hepatitt A-vaksine gjev skydd i minst eitt år. Det er likevel ikkje etablert noko maksimumsintervall mellom 1. og 2. dose, og i somme studiar har ein vist ein god boostereffekt etter dose 2, sjølv ved intervall på meir enn 10 år mellom første og andre dose rein hepatitt A-vaksine (3).
I tilfelle med tidsnød og høg risiko for smitte, tilrådast eit firedoseregime med kortare intervall mellom dei første dosane (dag 0, 7 og 21). Dei tre første dosane gjev like god antistoffrespons som to dosar med minimum fire vekers intervall, men det krevjast då ein fjerde dose etter eitt års tid (2, 3).
Referenser:- Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonsveilederen: Intervaller mellom vaksinedoser. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 17. november 2020).
- Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonsveilederen: Hepatitt B-vaksine og hepatitt B-immunglobulin. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 11. september 2020).
- Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonsveilederen: Hepatitt A-vaksine og normalt immunglobulin. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 4. november 2019).
