

D-vitamindråper utan kokosolje
Fråga: Helsestasjon spør om kva alternativ som finst for barn som reagerar på D-vitamindråpar med vondt i magen. Det vert opplyst at magevondten gjerne vert kobla til innhald av kokosolje i produkta.
Svar: Helsedirektoratet tilrår at barn som vert amma får tilskot av 10 mikrogram D-vitamin dagleg i form av D-vitamindråpar frå dei er ca. 1 veke gamle (1,2). Tran vert ikkje lenger tilrådd det første leveåret fordi barn som vert amma då får unødvendig mykje av omega-3-feittsyra DHA (1). Dersom ein mistenkjer at kokosolje i D-vitamindråpar fører til magevondt hos eit barn vil det difor kanskje først og fremst vere aktuelt å prøve D-vitamindråpar utan kokosolje, eventuelt D-vitaminspray dersom det er tilgjengeleg. Magevondt hos spedbarn kan ha mange ulike årsaker og som ein generell regel tilrår vi difor at foreldre ikkje sluttar å gi D-vitamindråpar til barna sine utan i samråd med lege.
Aktuelle produkt
Vi er ikkje kjent med at det er registrert legemiddel med D-vitamin i dråpeform til barn i Noreg. Det finst ei rekkje ulike produkt med D-vitaminer som er registrert som kosttilskot og kan kjøpast på apotek. Av aktuelle produkt på norske apotek inneheldt D-vitamindråpane frå Nycoplus og Møllers Pharma begge kokosolje (3,4). Apotek 1 D3-vitamin dråper inneheldt solsikkeolje (5), men når vi kontaktar Apotek 1 får vi opplyst om at dette produktet er på veg ut av sortimentet (6).
Det finst også ulike produkt med D-vitamindråpar som kan kjøpast på helsekost. Ved søk på helsebutikkar på nett finn vi blant anna produktet Bidro Baby Vitamin D3 dråper med solsikkeolje (7). Det er også mogleg at ein på apotek og helsekostbutikkar kan få tak i andre alternativ utan kokosolje. Dette er ikkje noko RELIS har oversikt over.
Referenser:- Helsedirektoratet. Nye råd om D-vitamintilskudd og tran til spedbarn. https://www.helsedirektoratet.no. (Publisert: 18. september 2020)
- Hay G, Fadnes L et al. Nye råd om D-vitamintilskudd og tran til spedbarn. Tidsskr Nor Legeforen 2020 Okt 22;140(16).
- Nycomed. Nycoplus D-vitamin Dråper. https://www.nycomed.no (Lest: 30. august 2021).
- Møller’s. Møller’s Pharma D3-vitamindråper. https://www.mollers.no (Lest: 30. august 2021).
- Apotek 1. Apotek 1 D3-vitamin dråper. https://www.apotek1.no (Lest 30. august 2021).
- Apotektekniker. Apotek 1, pers.medd. 27. august 2021.
- Bidro. Bidro vitamin D3 dråper. https://bidro.dk (Lest 30. august 2021).
