Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Bruk av quercetin i graviditet



Fråga: Spørsmål frå fastlege: Ein pasient har blitt anbefalt å ta quercetin for å styrke immunforsvaret. Er det ok å bruke quercetin under graviditet?

Sammanfattning: På generelt grunnlag vil me ikkje anbefale gravide å bruke quercetin under graviditet så lenge det manglar dokumentasjon på tryggleik ved bruk i svangerskapet, spesielt på bakgunn av at også effekten og dermed nytteverdien av produktet er tvilsam.

Svar: Quercetin er eit flavonoid som fins i matvarer som lauk, bær, te og raudvin, og i fleire urter. Quercetin har blitt brukt mellom anna mot lette allergiplager og ei rekkje andre tilstandar, men dokumentasjonen for effekt er sparsam (1). Mengden ein får i seg gjennom normalt kosthald vil vere langt lågare enn ved bruk av kosttilskot.

Ved søk i PubMed har me ikkje funne publiserte studiar kor tryggleik ved bruk av quercetin hjå gravide er undersøkt. På bakgrunn av manglande dokumentasjon, anbefaler ei kjelde å unngå bruk i graviditet (1).

Norske helsemyndigheiter anbefaler at gravide generelt skal vere forsiktige med plantebaserte produkt (2). Denne generelle forsiktigheitsregelen skuldast ikkje at slike produkt nødvendigvis er farlege for barnet i magen, men heller at me ikkje veit sikkert at dei er trygge. I dei fleste tilfelle er nytten av slike middel også dårleg dokumentert.

Dessverre ser me også frå tid til anna at kosttilskot frå useriøse aktørar kan vere tilsett skadelege stoff, deriblant også medisinar, utan at dette er angitt på pakningen (3, 4). Med lite eller fråverande informasjon om nytte og ein uavklart risiko for barnet i magen vil me difor i dei fleste tilfelle ikkje anbefale bruk av plantebaserte produkt til gravide (3, 4).

Det må presiserast at kosttilskot ordinert av lege etter påviste mangeltilstandar hjå pasienten kjem i en heilt anna brukskategori enn sjølvinitiert bruk. Det er likevel ikkje grunn til å forskrive eller anbefale kombinasjonsprodukt som inneheld komponentar utover det pasienten faktisk har behov for. Dette inkluderer multivitaminprodukt (4).

Referenser:
  1. Natural Medicines. Quercetin. https://naturalmedicines.therapeuticresearch.com/ (Sist oppdatert: 26. februar 2018).
  2. Helsedirektoratet. Matportalen. Vitaminer, mineraler og kosttilskudd mens du er gravid. https://www.matportalen.no/rad_til_spesielle_grupper/tema/gravide/ (Søk: 23. september 2021).
  3. Nergård CS, Roland PDH. Hvordan gi råd om bruk av plantebaserte produkter? Nor Farmaceut Tidsskr 2019; 127(8): 31-3.
  4. Fleiner HF. Roland PDH. Plantebaserte produkter - hva vet vi? Utposten 2017; 46(2): 52-4.