

Topikal behandling med 5-fluorouracil/salisylsyre til barn
Fråga: Ein apotekfarmasøyt har mottatt ein resept på 5-fluorouracil/salisylsyre (Verrumal) liniment, til eit 4 år gamalt barn. Dosering éin gong dagleg. Farmasøyten kjenner ikkje til preparatet og lurer på om det er vanleg å bruke til barn?
Sammanfattning: Verrumal har indikasjon til behandling av vorter, også hos barn over 1 år. Topikal bruk av 5-fluorouracil i kombinasjon med salisylsyre er i fleire kjelder trukke fram som eit mogleg behandlingsalternativ ved vorter, også til barn. Evidensen er likevel avgrensa, og slik behandling synast brukt ved gjenstridige vorter som ikkje har respondert på anna behandling.
Svar: Verrumal til barn
Ifølgje preparatomtalen er Verrumal eit liniment til bruk på kutane vorter, og inneheld verkestoffa 5-fluorouracil (5-FU) 5 mg/g (0,5 %) og salisylsyre 10 mg/g (10 %) (1). Preparatet er utan marknadsføringstillating i Noreg, men kan føreskrivast på godkjenningsfritak (2).
Preparatomtalen og pakningsvedlegget oppgjev at legemidlet er kontraindisert til spedbarn under 1 år, men elles oppgjevast det doseringanbefalingar for barn eitt år og eldre. Doseringsanbefalinga til barn oppgjevast å vere lik som for vaksne, dersom ikkje anna er ordinert av lege. Anbefalt dosering er at Verrumal penslast på kvar vorte 2-3 gonger dagleg. Ein skal vere påpasseleg med å kome i kontakt med den friske huden rundt vorta, og om nødvendig, kan ein dekke huden rundt vorta med vaselin i forkant av påføringa (1).
Det understrekast likevel at erfaring til bruk hos barn under 5 år er avgrensa, og at sidan risikoen for overdosering er større hos barn enn hos vaksne, må ein ikkje gå utover doseringsanbefalingane gjeve av lege. Dette inkluderer både området som er anbefalt behandla med Verrumal og lengd på behandlinga (1).
Topikal bruk av 5-fluorouracil til barn - empiri og evidens
RELIS har tidlegare svart på spørsmål om bruk av eit preparat med tilsvarande innhald (Actikerall) til barn (3). Her oppgjevast det at bruk av liniment med 2-5 % 5-fluorouracil er nemnt i fleire kjelder som eit behandlingsalternativ (ikkje førsteval) ved kutane vorter, også forsøkt i kombinasjon med salisylsyre. Anbefalt dosering og behandlingslengde varierer noko, men påføring éin gong dagleg oppgjevast i fleire kjelder (3).
Eit barnesjukehus i Storbritannia oppgjev på sine sider at dei nyttar 5-fluorouracil 5 mg/g og salisylsyre 100 mg/g (Actikerall) til å behandle svært gjenstridige vorter hos barn. Dei viser til at slik behandling er utanfor godkjenning til barn (off-label), og at det gjerne førskrivast , når anna behandling ikkje har gjeve tilstrekkeleg effekt (4).
Kombinasjonen 5-fluorouracil og salisylsyre til topikal bruk mot vorter hos barn er altså eit kjent behandlingsalternativ, sjølv om evidensen som ligg til grunn for bruk av topikal 5-fluorouracil til barn er avgrensa. Bruken av topikal 5-fluorouracil på kutane vorter er hovudsakleg undersøkt i ein liten studie på 39 barn i alderen 4-18 år. Fleirparten av desse hadde gjenstridige vorter, som ikkje hadde respondert tilstrekkeleg på anna behandling (5).
I den aktuelle studien vart det nytta ein krem med innhald av 5-fluorouracil 5 %, påført under okklusjon med gaffateip 1-2 gonger daglig, etter fukting og avskraping, i opptil 6 veker. Ved avslutting av behandlingsperioden, hadde 41 % av pasientane minst éi vorte som hadde forsvunne fullstendig, medan 13 % vart kvitt alle vortene. Ved oppfølgingstidspunkt tre og seks månader seinare, var høvesvis 94 % og 87 % av desse pasientane fortsatt vortefrie. Det vart ikkje rapportert om alvorlege biverknader ila. studieperioden. Dei vanlegaste rapporterte biverknadane var mildt erytem, hyperpigmentering og mild erosjon, som var forbigåande og ikkje uventa, ifølgje forfattarane (5).
- Fachinformation des Arzneimittel-Kompendium der Schweiz. Verrumal Lös. https://compendium.ch/ (Sist oppdatert: Februar 2021).
- Felleskatalogen. Preparater på godkjenningsfritak. https://www.felleskatalogen.no/medisin/ (Søk: 15. oktober 2021).
- RELIS database 2020; spm.nr. 14170, RELIS Vest. (www.relis.no)
- Great Ormond Street Hospital for Children NHS Foundation Trust. Actikerall® to treat warts. https://www.gosh.nhs.uk/conditions-and-treatments/medicines-information/actikerall-treat-warts/ (Sist revidert: Desember 2018).
- Gladsjo JA, Alió Sáenz AB et al. 5% 5-Fluorouracil cream for treatment of verruca vulgaris in children. Pediatr Dermatol 2009; 26(3): 279-85.