Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Risiko ved propylenglykol i fuktigheitskremar til små barn



Fråga: Ein sjukepleiar viser til at europeiske konsensusbaserte retningslinjer for behandling av atopiske eksem skriv at propylenglykol (PG) verkar irriterande for små barn under to år og at det ikkje skal brukast grunna risiko for toksisitet (1). Mange fuktigheitskremar inneheld propylenglykol. Barn med atopisk dermatitt anbefalast å bruke 250 gram fuktigheitskrem/veke. Vil bruk av fuktigheitskremar som inneheld propylenglykol utgjere ein risiko for små barn? Kva risiko er det snakk om? Kva konsentrasjonar av propylenglykol reknast som trygge? Vil det vere same risiko ved bruk på heil hud, som ved bruk på skada/ikkje intakt hud?

Sammanfattning: Små barn har auka risiko for toksisitet ved eksponering for høge dosar propylenglykol, grunna dårlegare metabolismekapasitet for dette stoffet. Absorpsjon av propylenglykol over intakt hud er minimal, medan det er vanskeleg å talfeste risikoen for absorpsjon og akkumulasjon ved bruk på skada/ikkje-intakt hud. Det er rapportert om tilfelle av hyperosmolalitet og acidose hos pediatriske pasientar, etter kutan bruk av propylenglykol på svært skada hud. Det er anbefalt ei eksponeringsgrense på 50 mg/kg/dag for barn mellom 1 månad og 5 år.

Svar: Propylenglykol er eit hjelpestoff i fleire medisinske produkt, inkluderte perorale, parenterale og topikale formuleringar. I topikale formuleringar nyttast det anten som løysningsmiddel for andre stoff eller som fuktigheitsgjevande, avskjellande og mjukgjerande middel (2).

Risikoen for biverknader og toksisitet av PG aukar med dose og varigheit av administrasjon, og små barn er særskilt utsett. Sentralnervøse biverknader, arytmi og akutt nyresvikt er blant biverknadane som er rapportert. Bakgrunnen for den auka risikoen for toksisitet er at spedbarn og små barn ikkje har same metabolisme­kapasitet (alkohol­dehydrogenase) for PG som vaksne, derfor akkumulerast PG ved gjentatt administrasjon. Halveringstida til PG hos barn er opp til 17 timar mot 5 timar hos vaksne (3).

Det europeiske legemiddelkontoret (EMA) har fastsatt grenser for eksponering på 50 mg/kg/dag for barn under 5 år under 1 mg/kg/dag for nyfødde (<4 veker) og premature (opp til gestasjonsalder 44 veker). EMA oppgjev at desse grensene òg gjeld for kutan applikasjon. Grensene som er sett er basert på eit avgrensa datamateriale, men reknast å vere konservative (2, 4).

Absorpsjon av PG over intakt hud reknast for å vere svært avgrensa, men ved skada/ikkje intakt hud er det vanskeleg å vurdere kor mykje som går over, blant anna på bakgrunn av typen og alvorsgrada av skaden (frå milde utslett til alvorlege forbrenningar) (2). Surfaktantar (stoff som reduserer overflatespenning i væsker) og oljesyre (ei omega-9 feittsyre) kan auke absorpsjonen av PG over hud (4).

Transkutan absorpsjon og akkumulering av PG har vore skildra i enkelte pediatriske kasusrapportar, der alle pasientane hadde brannskader behandla med salvar/bandasjar innehaldande PG (4-7). Alderen på pasientane var frå 29 veker prematur til 3 år. Alle pasientane utvikla hyperosmolalitet og acidose, med ulike tilhøyrande komplikasjonar, deriblant koma (5), nyresvikt (6), og hjarte- og respirasjonsstans (7). To av pasientane vart restituert utan sekvele, medan i tilfellet med hjarte- og respirasjonsstans, fekk pasienten sekvele med hypoksisk encefalopati (7).

Vi søkte opp ingrediensane i eit utval vanleg brukte fuktigheitskremar og finn at berre eit fåtal av dei som er vanleg brukt som fuktigheitsbehandling ved atopisk dermatitt, inneheld PG. Dette stemmer også overeins med ei oversikt over fuktigheitskremar LHL Astma og allergi har på sine nettsider (8). Dei færraste produsentane av fuktigheitskremar oppgjev mengda eller konsentrasjonen PG i produkta sine.

Referenser:
  1. Wollenberg A, Barbarot S et al; European Dermatology Forum (EDF), the European Academy of Dermatology and Venereology (EADV), the European Academy of Allergy and Clinical Immunology (EAACI), the European Task Force on Atopic Dermatitis (ETFAD), European Federation of Allergy and Airways Diseases Patients’ Associations (EFA), the European Society for Dermatology and Psychiatry (ESDaP), the European Society of Pediatric Dermatology (ESPD), Global Allergy and Asthma European Network (GA2LEN) and the European Union of Medical Specialists (UEMS). Consensus-based European guidelines for treatment of atopic eczema (atopic dermatitis) in adults and children: part I. J Eur Acad Dermatol Venereol 2018; 32(5): 657-82.
  2. European Medicines Agency (EMA). Questions and answers on propylene glycol used as an excipient in medicinal products for human use. https://www.ema.europa.eu/ (Publisert: 9. oktober 2017).
  3. Reiter L, Westergren T. Propylenglykol i legemidler til barn – er det trygt? Norsk Farmaceutisk Tidsskrift 2016; 4: 22. https://www.farmatid.no/artikler/relis/propylenglykol-legemidler-til-barn-trygt
  4. European Medicines Agency (EMA). Background review for the excipient propylene glycol. https://www.ema.europa.eu/ (Publisert: 20. november 2014).
  5. Peleg O, Bar-Oz B et al. Coma in a premature infant associated with the transdermal absorption of propylene glycol. Acta Paediatr 1998; 87(11): 1195-6.
  6. Willis MS, Cairns BA et al. Persistent lactic acidosis after chronic topical application of silver sulfadiazine in a pediatric burn patient: a review of the literature. Int J Burns Trauma 2013; 3(1): 1-8.
  7. Fligner CL, Jack R et al. Hyperosmolality induced by propylene glycol. A complication of silver sulfadiazine therapy. JAMA 1985; 253(11): 1606-9.
  8. LHL Astma og allergi. Fuktighetsbehandling. https://www.lhl.no/lhl-astma-og-allergi/eksem/fuktighetsbehandling/ (Sist oppdatert: 1. april 2020).