

Maskering av smak på makrogol-pulver (Movicol)
Fråga: Foreldre til barn 4 år opplev god effekt av makrogol (Movicol junior), men slit med å få barnet til å drikke oppløysninga same kva saft dei blander med. Er det mogleg å "kamuflere" pulveret i kosten på nokon måte, slik at det blir lettare for barnet å få middelet i seg? Spørsmål frå sjukepleiar ved helsestasjon.
Sammanfattning: Movicol og Movicol Junior skal løysast opp væske, fortrinnsvis vatn, før inntak. Vi finn kjelder som oppgjev at væsker som kan forsøkast til utblanding og for å kamuflere smak til dømes kan vere jus, brus eller Biola. Ver merksam på at ved utblanding i ugjennomsiktige væsker, kan det vere vanskeleg å vurdere når pulveret er fullstendig løyst i væska. Movicol til vaksne finst med ulike typar smakar, og kan nyttast av barn, dersom ønskjeleg. Ved overgang frå Movicol Junior til Movicol, må ein vere klar over at éin pose Movicol Junior tilsvarar ein halv pose Movicol.
Svar: Ifølgje produktinformasjonen til Movicol junior, skal pulveret løysast opp i ei viss mengd med vatn, men det er mogleg å smaksetje løysninga i etterkant, til dømes med appelsinsaft. Når pulveret er fullstendig oppløyst i vatnet, skal vatnet vere klart (1).
RELIS har tidlegare svara på spørsmål om makrogol-pulver kan blandast ut med andre væsker enn vatn (2). Det vart konkludert med at Movicol skal løysast opp i vatn, og vist til at eit farmakologisk oppslagsverk oppga at makrogol er svært løyseleg i vatn, men praktisk talt uløyseleg i feitthaldige oljer og mineralolje (2).
Dei fann likevel informasjon i éi kjelde om at makrogol-pulver kunne blandast ut med ei rekkje vatnbaserte væsker, som vatn, jus, brus, kaffi eller te (2). Den aktuelle kjelda visar til produktinformasjonen til eit reint makrogolpreparat utan tilsetjing av elektrolyttar (3). Informasjon i produktinformasjonen til det reine makrogol-produktet oppgjev at pulveret kan løysast opp i kva type drikke som helst, og at den kan vere varm, kald eller romtemperert (4). Vi har ikkje funne tilsvarande informasjon for preparat som inneheld makrogol og elektrolyttar, men det er ikkje kjend kva som er bakgrunnen til desse forskjellane i produktinformasjonen.
I ei brosjyre med foreldreinformasjon om kronisk forstopping hos barn, oppgjev Barneavdelinga ved Helse Fonna at Movicol kan blandast ut i væsker som vatn, jus eller Biola. Vidare oppgjevast det at Movicol har ein særeigen smak som er både søt og salt, og at Biola dempar desse smakane og kan bidra til samarbeid hos barnet (5).
Den tidlegare nemnte RELIS-utgreiinga fann ikkje dokumentasjon på om makrogol-pulver kunne blandast ut i mjølkebaserte væsker (2). Informasjonen frå Helse Fonna synast såleis å vere basert på klinisk erfaring. Eit problem som kan tenkjast oppstå ved utblanding i andre væsker enn vatn, er at det kan vere vanskeleg å sjå om pulveret har løyst seg opp i væska.
Både Movicol og Movicol Junior kan nyttast til barn. Forskjellen er smaken og mengda makrogol og elektrolyttar per pose. Movicol Junior er nøytral på smak, medan Movicol er tilsatt lime- og sitronaroma. Det finst òg Movicol med sjokoladesmak. Éin pose Movicol Junior inneheld samme mengd makrogol og elektrolyttar som ein halv pose Movicol. Movicol inneheld òg søtstoffet acesulfamkalium (5, 6).
Referenser:- Statens legemiddelverk. Legemiddelsøk: Movicol Junior. https://www.legemiddelsok.no/ (Lest: 19. november 2021).
- RELIS database 2019; spm.nr. 7800, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
- Micromedex® 2.0 (online). Polyethylene glycol (Drugdex System). https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 6. november 2021).
- U.S. Food and Drug Administration (FDA). Drug label information. Miralax. www.dailymed.nlm.nih.gov/ (Sist oppdatert: 16. oktober 2020).
- Helse Fonna. kronisk forstoppelse hos barn - foreldreinformasjon. https://praksisnytt.wordpress.com/2021/03/05/oppfolging-av-barn-som-har-kronisk-forstoppelse/ (Publisert: 5. mars 2021).
- Aamlid S, Legemidler til barn. Movicol og Movicol Junior. https://www.legemidlertilbarn.no/nyheter/Sider/2019/Movicolmangel.aspx (Sist endret: 1. mars 2019).
