Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Ivermektin tablettar ved skabb hos barn



Fråga: Lege spør om barn i barneskulealder som ikkje har hatt effekt av behandling med permetrin (Nix) krem trygt kan behandlast med ivermektiv (Scatol) tablettar.

Svar: Ivermektin kan brukast av barn (1,2,3,4). Preparatet er ikkje godkjent for barn under 15 kg sjølv om ei studie er gjennomført utan at det er påvist alvorlege biverknadar hos barn under 15 kg (2). I følgje Norsk Elektronisk Legehåndbok er ivermektin eit alternativ ved manglande effekt eller intoleranse for permetrin eller ved manglande evne/kompliance for topikal behandling (2).

Ei rekkje kjelder oppgjer dosering 200 mikrogram/kg kroppsvekt som enkeltdose, også for barn (1,2,4,5). I NEL vert det oppgitt at doseringa bør gjentakast etter 7-10 dagar (2), medan det i andre kjelder vert oppgitt at behandlinga bør gjentakast etter 2 veker (5,6). Folkehelseinstituttet tilrår i sin smittevernsrettleiar at behandlinga må gjentakast etter 7 dagar fordi ivermektin er effektivt mot larvar, nymfer og vaksne skabbmidd, men har dårleg effekt mot egg (7).

Ivermektin er generelt godt tolerert og biverknadar er uvanleg ved eingangsdosering (3,5,6). Svimmelheit, hypotensjon, kløe og ryggsmerter kan førekomme. Ved behandling av skabb er forbigåande forverring av kløe ikkje uvanleg (5). Ved bruk av einskildoser reknar ein at det er liten risiko for andre biverknadar (3).

Referenser:
  1. Kunnskapsbasert oppslagsverk om barns legemidler (KOBLE). Ivermektin. https://www.koble.info/ (Søk: 8. desember 2021).
  2. Norsk elektronisk legehåndbok. Skabb. https://legehandboka.no/ (Sist endret: 29. oktober 2020).
  3. RELIS database 2014; spm.nr. 4993, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
  4. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Scatol. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 22. november 2019).
  5. Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Ivermectin. http://legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: 28. september 2017).
  6. Goldstein BE, Goldstein AO. Scabies: Management. Version 9.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 17. november 2021).
  7. Folkehelseinstituttet. Smittevernsrettleiar. Skabb - veileder for helsepersonell i primærhelsetjenesten. https://fhi.no/ (Sist oppdatert: 7. september 2021).