SSRI og tremor
Fråga: Pasient med angst/depresjon har vorte behandla med sertalin (Zoloft), men fekk tremor, leggkrampar og vondt i magen. Det vart difor bytta til fluoksetin. Dette førte til betring av magesmertene, men pasienten har framleis tremor og problem med leggkrampar. Lege spør om kva SSRI som kan vere aktuelle å prøve ut for å sjå om pasienten kan bli kvitt bivrknadane?
Sammanfattning: Det er estimert at 20 % av pasientane som vert behandla med eit SSRI utviklar nyoppstått tremor, men det manglar studiar som samanliknar dei ulike SSRIane med kvarandre. Det er difor ikkje mogleg å tilrå eit spesielt legemiddel framfor eit anna. Ved seponering kan det ta månadar før symptoma forsvinn. Dette bør ein også vere merksam på dersom ein byter frå eit SSRI til eit anna. Andre årsaker til pasienten sine plager bør også utelukkast.
Svar: Både tremor og krampar er oppgitt som kjende biverknadar av alle dei ulike SSRIane på den norske marknaden (1a-g). RELIS har også tidlegare svart på spørsmål om SSRI og tremor/ekstrapyramidale biverknadar (2,3). I tillegg har tilsette ved RELIS skrive ein artikkel om ekstrapyramidale biverknadar og antidepressiva (4). I desse utgreiingane vart det konkludert med at tremor er ein kjent biverknad av SSRI, men at ein manglar studiar som samanliknar dei ulike preparata med kvarandre (2-4). Kunnskapen om tremor (og andre ekstrapyramidale biverknadar) og SSRI er basert på kasusrapportar og er difor begrensa. Basert på materialet som finst, ser det ikkje ut til at enkeltlegemiddel peikar seg ut med høgare risiko (4).

Ein oversiktsartikkel over kasusrapportar skildrar at tremor er rapportert som biverknad av alle dei ulike SSRI-ane og det vart estimert at rundt 20 % av pasientane som vart behandla med eit SSRI utvikla nyoppstått tremor (2,3).

Ved oppdatert litteratursøk har vi funne ei observasjonsstudie som viser ein assosiasjon med ekstrapyramidale biverknadar for antidepressiva duloksetin, mirtazapin, citalopram, escitalopram, paroksetin, sertralin, venlafaksin, bupropion og fluoksetin (5). Vi har ikkje funne studiar som gjer grunnlag for å tilrå eit SSRI framfor eit anna når det gjeld ekstrapyramidale biverknadar.

Legemiddelutløyst tremor er rekna som ein doseavhengig biverknad (2). Tidlegare nemnde oversiktsartikkel, inneheldt vegleiing for handtering av tremor utløyst av SSRI. Forfattarane tilrår i første omgang å avvente endringar, sidan tremor er ein biverknad som kan betrast over tid. Dersom symptoma tillet det, kan ein redusere dosen. Eventuelt kan ein leggje til ein betablokkar til behandlinga, men ein må då vere merksam på at eit slikt legemiddel kan forverre depresjonssymptom (2). Med mindre det vert vurdert at pasienten sin kliniske effekt veg opp for eventuelle plager frå biverknadane, vil det i mange tilfelle vere aktuelt å gradvis seponere legemiddelet ein mistenkjer har ført til biverknadane (4). Etter seponering kan det ta veker til månadar før biverknadane går tilbake (4), dette bør ein også vere merksam på ved byte frå eit legemiddel til eit anna.

Ved usikkerheit knytt til om pasienten sine symptom skuldast legemiddelbruk eller andre årsaker, bør dette avklarast.

Referenser:- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Zoloft (Sist oppdatert: 5. desember 2021) b) Fluoxetin (sist oppatert: 6. januar 2021) c) Cipramil (Sist oppdatert: 4. november 2020) d) Seroxat (Sist oppdatert: 23. februar 2021) e) Fevarin (Sist oppdatert: 14. juni 2021) g) Cipralex (Sist oppdatert: 4. november 2020). https://www.legemiddelsok.no/.
- RELIS database 2017; spm.nr. 11754, RELIS Vest. (www.relis.no)
- RELIS database 2018; spm.nr. 10631, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
- Skrede S, Serkland TT. Ekstrapyramidale bivirkninger ved behandling med antidepressiva. www.relis.no (11. mars 2019).
- Guo MY, Etminan M et al. Association of Antidepressant Use With Drug-Related Extrapyramidal Symptoms: A Pharmacoepidemiological Study. J Clin Psychopharmacol. 2018 Aug;38(4):349-356.