

Nedtrapping av prednisolon etter midlertidig auke av dose
Fråga: Ein pasient med amiodarone-indusert tyroiditt vart behandla med 30 mg prednisolon initialt, men hadde starta nedtrapping med 5 mg kvar 7. dag. Då pasientens døgndose var kome ned i 10 mg, vart pasienten innlagt på sjukehus for ei hending urelatert til tyroiditten. Manglande legemiddelsamstemming medførte då at prednisolondosen vart auka til 30 mg dagleg igjen i 8 dagar. Det er ønskjeleg med råd om vidare nedtrapping. Spørsmål frå sjukehusfarmasøyt.
Sammanfattning: Sjølv om pasienten i det aktuelle tilfellet hadde starta nedtrapping og var kome ned i 10 mg før dosen vart auka til 30 mg over ein kort periode, har pasienten brukt prednisolon over tid og fortsatt i dosar som etter vår vurdering krevjer gradvis nedtrapping. Det finst ulike rettesnorer for gradvis nedtrapping som ein kan støtte seg til. I tillegg bør ein ta omsyn til kva vurderingar som vart gjort i forkant av initiell nedtrappingplan for prednisolon for den aktuelle pasienten.
Svar: RELIS har tidlegare omtala nedtrapping av prednisolon på generell basis, og viser då til at anbefalingar kva gjeld dosetrinn og nedtrappingstid avheng av både dose, behandlingstid og pasientens tilstand, men at anbefalingar kan variere mellom kjelder (1, 2).
Gradvis nedtrapping av prednisolon er naudsynt ved bruk av høge dosar og/eller ved lengre tids bruk, både for å redusere risiko for binyrebarkinsuffisiens, og for unngå oppluss av tilstanden prednisolon vart brukt mot (1-3). Ifølgje UpToDate forventar ein ikkje undertrykking av binyrebarken ved behandling i mindre enn tre veker, uavhengig av dose, eller ved bruk av mindre enn 10 mg annakvar dag (3). Døgndosar under 7,5-10 mg forventast heller ikkje å gje alvorleg forstyrring av binyrebarkfunksjonen, ifølgje den godkjente norske preparatomtalen (4).
Norsk legemiddelhåndbok oppgjev at ein kan trappe ned relativt raskt ved opptil 14 dagars behandling. Til dømes er det føreslått halvering av førre dags dose kvar dag til seponering eller nedtrapping med 5 mg dagleg (5). Ved avslutting av slike kortvarige kurar er risikoen for alvorleg residiv av sjukdomen eit større problem enn binyrebarksuppresjon (2).
Behandling av lengre varigheit krevjer lengre nedtrappingsperiode. Det finst som sagt fleire anbefalingar for gradvis nedtrapping, og ein kan gjere pragmatisk bruk av desse, basert på initielt nedtrappingsregime for den aktuelle pasienten.
Éi rettesnor er reduksjon på 10–30% kvar 7-14. dag, slik at ein trappar ned med ei større absolutt mengd (t.d. 5 mg prednisolon) i høgare doseområde og ei mindre absolutt mengd (t.d. 1,25 mg) mot slutten (2, 3, 5). Eit anna forslag er nedtrapping i dosetrinn på 2,5-5 mg kvar 3-7. dag til ein når 5 mg, medan atter andre oppgjev at nedtrapping av dosen bør gjerast i dosetrinn på maksimalt 2,5 mg kvar 7-14. dag hos pasientar som får daglege dosar (6).
Referenser:- RELIS database 2019; spm.nr. 13296, RELIS Vest. (www.relis.no)
- RELIS database 2013; spm.nr. 4778, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
- Furst DE, Saag Kg. Glucocorticoid withdrawal. Version 14.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 8. november 2021).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Prednisolon Alternova. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 12. mai 2021).
- Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. G27.10.1 Tabell 1: Forslag til nedtrapping for legemidler som bør trappes ned gradvis før seponering. http://legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: 12. april 2021).
- Snow EK, editor. Corticosteroids General Statement. The AHFS Drug Information (online). https://www.medicinescomplete.com/ (Sist oppdatert: 8. mars 2022).
