

Varighet av dysgeusi etter seponering av kolesterolsenkende
Fråga: Ein pasient opplever smaksforstyrringar (dysgeusi) i form av jernsmak i munn. Pasienten nyttar kolesterolsenkande og spørsmålsstiller finn at det er nemd som kjend biverknad. Lege lurer på kor lenge smaksforstyrringane kan vedvare etter seponering og om det eventuelt er irreversibelt?
Sammanfattning: Smaksforstyrringar er ikkje lista som ein kjend biverknad for dei fleste kolesterolsenkande legemiddel, med unntak av atorvastatin. Litteraturen for øvrig er noko motstridande, og det kan difor vanskeleg utelukkast at bruk av statiner kan vere årsak til pasients smaksforstyrringar.
Vi har ikkje funne konkret informasjon om forventa varigheit av smaksforstyrringar som følgje av bruk av kolesterolsenkande legemiddel. I tilfelle der legemiddel er utløysande årsak til smaksforstyrringar gjeld generelt at symptoma oftast forsvinn raskt etter seponering. I enkelte tilfelle kan plagene likevel vedvare fleire månader. Smaksforstyrringar kan òg ha fleire årsakar, utover legemiddelbruk.
Svar: Dysgeusi og kolesterolsenkande legemiddel Det er ikkje oppgitt i spørsmålet kva type kolesterolsenkande legemiddel pasienten nyttar eller kor lenge pasienten har nytta legemiddelet før smaksforstyrringa oppstod. I norsk preparatomtale av atorvastatin er smaksforstyrringar oppgitt som ein mindre vanleg biverknad. Dette er ikkje oppgitt for simvastatin, pravastatin, fluvastatin, rosuvastatin eller ezetimib (1a-f). Vi finn omstridande funn ved søk i litteraturen for øvrig: i UpToDate er det ikkje nemnd smaksforstyrringar som kjende biverknader av statiner generelt eller ezetimib (2, 3), medan i NEL og andre kjelder er smaksforstyrringar oppgitt som ein biverknad av statiner (4, 5, 6). I ein oversiktsartikkel frå 2018 er fleire statiner lista opp i ei oversikt over hyppig brukte legemiddel som kan gje smaksforstyrringar (7).
Ved søk i den internasjonale biverknadsdatabasen til WHO finn vi over 1700 rapportar på smaksforstyrringar som mistenkt biverknad ved bruk av eit statin (8). Det er viktig å understreke at innrapporteringane til WHO baserer seg på spontanrapportering, og opplysningar om bruk av andre legemiddel eller andre høve som kan ha innverknad på sjukdoms- og biverknadsbiletet er ofte mangelfull i dette materialet. Desse rapportane kan dermed ikkje nyttast for å seie noko om årsakssamanheng mellom det aktuelle legemiddelet og biverknaden, eller til å vurdera frekvens av biverknaden.
Det nederlandske biverknadssenteret har imidlertid og løfta fram problemstillinga etter fleire motteke rapportar på smaksforstyrringar etter bruk av simvastatin (9). Sjølv om det vert anerkjend at det i fleire av tilfella er utfordrande å sikkert sei noko om årsakssamanhengen, argumenterast det for at rapportane samla talar for ei årsakssamanheng og at smaksforstyrringar bør bli inkludert i preparatomtalen til simvastatin (9).
Generelt om legemiddelinduserte smaksforstyrringar
RELIS har tidlegare omtalt endra smakssans ved bruk av diverse legemiddel (10, 11). Generelt har lukt- og smaksforstyrringar mange moglege årsakar og kan presentere seg på ulike måtar. Legemiddel står for vel 10% av alle årsaker til dysfunksjon av lukt og smak og er som regel reversibelt (11). Legemiddelinduserte smaksendringar forsvinn oftast raskt ved seponering av utløysande legemiddel, men dei kan òg vare ved i mange månader (12).
Mekanismane for legemiddelinduserte smaksforstyrringar er ikkje endeleg fastslått (13). Det kan for eksempel skyldast påvirking av spyttsekresjonen og sammensetninga av spytt, skade på smaksløkane i munnhola eller forstyrringar av nerveoverføringar sånn at smaksstimuli feiltolkast. Det kan òg vere forskjellar i individuell følsomhet for denne type biverknader. Faktorar som kjønn, alder, kroppsvekt og genetisk disposisjon antar ein å kunne ha betyding. Ei rekke sjukdommar og medisinske tilstandar kan òg påvirke lukt- og smaksans (luftvegsinfeksjonar, kreft, pernisiøs anemi, kobbarforgifting, dyspepsi med fleire) (10, 14), dersom ein mistenker dette som årsak må det behandlast. Hos ein del pasientar er smaksforstyrringar idiopatisk (13).
Referenser:- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Lipitor (Sist oppdatert: 25. februar 2022) b) Zocor (Sist oppdatert: 02. september 2021) c) Pravastatin (Sist oppdatert: 31. oktober 2019) d) Lescol (Sist oppdatert: 29. oktober 2020) e) Crestor (Sist oppdatert: 13. oktober 2021) f) Ezetrol (Sist oppdatert: 19. oktober 2021)
- Rosenson RS. Statins: Actions, side effects, and administration. Version 86.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 22. juli 2021).
- Lexicomp in UpToDate. Ezetimibe: Drug information. https://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: 07.april 2022).
- Norsk elektronisk legehåndbok. Lukt- og smaksforstyrrelser. https://legehandboka.no/ (Sist revidert: 11. januar2021)
- Tuccori M, Lapi F, Testi A, et al. Drug-induced taste and smell alterations: a case/non-case evaluation of an italian database of spontaneous adverse drug reaction reporting. Drug Saf. 2011;34(10):849-859.
- Naik BS, Shetty N et al. Drug-induced taste disorders. Eur J Intern Med 2010; 21(3):240-3
- Schiffman SS. Influence of medications on taste and smell. World J Otorhinolaryngol Head Neck Surg 2018; 4(1): 84-91
- Verdens Helseorganisasjon (WHO). Bivirkningsdatabase (Søk: 20. april 2022).
- Lareb. Simvastatin and taste disorders https://databankws.lareb.nl/Downloads/Signals_2017_Simvastatin%20and%20taste%20disorders.pdf (februar 2018)
- RELIS database 2012; spm.nr. 7630. RELIS Vest. (www.relis.no).
- RELIS database 2020; spm.nr. 12509. RELIS Sør-Øst. (www.relis.no).
- RELIS database 2011; spm.nr. 428, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no).
- Lafreniere D. Taste and olfactory disorders in adults: Evaluation and management. Version 40.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 17. september 2021).
- Norsk elektronisk legehåndbok. Lukt- og smaksforstyrrelser. https://legehandboka.no/ (Sist revidert: 11. januar 2021)
