

Oppstart av lisdeksamfetamin (Aduvanz) ved samtidig epilepsi
Fråga: Psykiater spør om oppstart av lisdeksamfetamin (Aduvanz) hos ung mann med kjend ADHD og epilepsi sidan starten av 20-åra. Behandlas med levetiracetam (Keppra) for sin epilepsi. Pasienten fortel at han ikkje har hatt generalisert tonisk klonisk (tidlegare kjend som grand mal) anfall dei siste åra. Det har vore forsøkt metylfenidat for ADHD tidlegare, men pasient og behandlar ønsker no å forsøke lisdeksamfetamin (Aduvanz). Spørsmålsstiller har ikkje funne kontraindikasjonar i Felleskatalogen for samtidig bruk av levetiracetam og lisdeksamfetamin, men ønsker RELIS sin vurdering då lisdeksamfetamin er kjend for å kunne senke krampeterskelen. Bør det trappast opp på nokon spesiell måte?
Sammanfattning: Ved samtidig ADHD og epilepsi bør dosetitrering foregå saktare og pasienten bør monitorerast oftare. Det er eit begrensa antall studiar som har undersøkt bruk av legemiddel mot ADHD hos pasientar med epilepsi. Vi har funne fleire studiar som tilseier at det er trygt å nytte ADHD-legemiddel sjølv ved epilepsi. Nokre studiar viser redusert anfall ved ADHD-behandling. Dersom ein får aukt anfallsfrekvens under ADHD-behandling er vår anbefaling å prøveseponere behandlinga og eventuelt gjere eit bytte av legemiddel.
Svar: RELIS har svart på spørsmål om legemiddel mot ADHD og epilepsi i 2020 (1). Der viste dei til at komorbiditet med ADHD og epilepsi er relativt vanleg, men det er få studiar på bruk av sentralstimulerande ved samtidig epilepsi. Vi har gjort eit oppdatert litteratursøk og bygger vidare på RELIS-saka frå 2020. Vi har forøvrig ikkje funne interaksjonar mellom levetiracetam (Keppra) og sentralstimulerande legemiddel ved søk i interaksjonsdatabaser.
Pasientar med ADHD har lågare krampeterskel enn resten av befolkninga (2). 10-30% av pasientar med epilepsi har òg ADHD (3).
I følge preparatomtala (SPC) til Aduvanz er det haldepunkt for redusert krampeterskel hos pasientar med kjende krampetilstandar. Seponering anbefalast dersom nye krampeanfall oppstår (4). Dette samsvarer med anbefaling frå den britisk nasjonale retningslinja for behandling av ADHD. Den angjev at ADHD-legemiddel bør revurderast, og eventuelt seponerast, dersom dei kan ha medverka til nyoppståtte krampeanfall eller forverring av eksisterande epilepsi. Ved samtidig ADHD og epilepsi bør dosetitrering foregå saktare og pasienten bør monitorerast oftare (5).
Ein oversiktsartikkel frå 2021 som såg på pasientar med ADHD og epilepsi fann ingen aukt forekomst av krampar hos dei pasientane som nytta ADHD-legemiddel (6). Ein annan studie frå 2021 såg på metylfenidat. Dei fann ingen signifikant effekt på anfallsfrekvens (7). UpToDate angjev at studiar på metylfenidat er motstridane, men at fleire prospektive studiar tyder på at låg til moderat dosering av metylfenidat er sikkert og effektivt, sjølv hos barn med aktive epilepsianfall (8). Vi har ikkje funne studiar som har sett spesifikt på lisdeksamfetamin. Det er planlagt ein Cochrane oversiktsartikkel, med ein protokoll frå 2018 (9).
I ei svensk registerstudie på over 20 000 personar som hadde hatt epileptiske anfall, vart det identifisert omlag 6700 personar under 19 år med ein epilepsidiagnose. Av desse nytta rundt 1600 personar kontinuerlig behandling med antiepileptika. I underkant av 1000 personer initierte behandling med ADHD-legemiddel under oppfølgingsperioden, det var det ingen statistisk signifikant forskjell i anfallsfrekvens i løpet av 24 vekene før og etter oppstarten av legemidla. Periodane med ADHD-medisinering var assosiert med redusert anfallsfrekvens samanlikna med periodar utan ADHD-medisin hos same individ (3).
Referenser:- RELIS database 2020; spm.nr. 8296, RELIS Midt-Norge. www.relis.no
- Wiggs KK, Chang Z, et al. Attention-deficit/hyperactivity disorder medication and seizures. Neurology. 2018; 90(13): e1104-e1110.
- Brikell I, Chen Q et al. Medication treatment for attention-deficit/hyperactivity disorder and the risk of acute seizures in individuals with epilepsy. Epilepsia 2019; 60 (2): 284–293.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Aduvanz. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 08. februar 2022).
- National Institue for Health and Care Excellence. Attention deficit hyperactivity disorder: diagnosis and management. NICE Guidance, Clinical guideline. https://www.nice.org.uk/ (Sist oppdatert: 13. september 2019).
- Rheims S, Auvin S. Attention deficit/hyperactivity disorder and epilepsy. Curr Opin Neurol. 2021 Apr 1;34(2):219-225.
- Leeman-Markowski BA, Adams J, et al. Methylphenidate for attention problems in epilepsy patients: Safety and efficacy. Epilepsy Behav. 2021; 115:107627
- Wilfong A. Epilepsy in children: Comorbidities, complications, and outcomes. Version 6.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 09. mars 2021).
- Walter V, Mbizvo GK et al. Stimulant and non‐stimulant drug therapy for people with attention deficit hyperactivity disorder and epilepsy. Intervention - Protocol. Cochrane Database Syst Rev 2018.
