

Propiomazin til barn med søvnvanskar
Fråga: Fastlege spør om propiomazin kan vere eit alternativ til barn med angst og skremmande draumar på nettene. Barnet vaknar fleire gongar kvar natt. Det er prøvd ut melatonin, som har effekt på innsovning, men framleis problem med nattlege oppvakningar.
Sammanfattning: Bruk av propiomazin til barn med søvnforstyrringar er ikkje undersøkt og heller ikkje tilrådd. Vidare manglar det generelt evidens for farmakologisk behandling av mareritt. Ved behov for behandling er psykoterapeutiske metodar tilrådd.
Svar: Propiomazin er marknadsført i Sverige for indikasjon søvnforstyrringar (1). Legemiddelet er også brukt ved søvnforstyrringar hos barn, men vi vil understreke at slik bruk hos barn verken er undersøkt eller tilrådd (2). Slik bruk er difor utanfor godkjent indikasjon (off-label) også i Sverige, og det er ikkje oppgjeve dosering for barn i preparatomtalen (SPC). Propiomazin er, i svenske retningslinjer, berre oppgjeve som eit alternativ ved søvnforstyrringar relatert til depresjon og langvarig insomni der ingen andre middel har fungert (3).
Både i Sverige og Noreg er alimemazin det einaste legemiddelet som har indikasjon for behandling av søvnforstyrringar hos barn (2,4). Både alimemazin og propiomazin høyrer til gruppa fentiazinderivat, men berre alimemazin vert rekna som eit førstegenerasjons antihistamin (2). Propiomazin vert rekna med i gruppa fentiazinderivat på grunn av kjemisk likskap med desse (2), men er i ATC-systemet klassifisert som eit psykoleptika (1).
Ved søvnvanskar hos barn er det vanlegvis ikkje aktuelt med farmakologisk behandling (4-6). I Norsk elektronisk legehandbok og vegleiar i pediatri vert det samstundes oppgjeve at kortvarig bruk av førstegenerasjons antihistamin kan vere aktuelt i spesielle tilfelle (4,7). Alimemazin er som nemnd det einaste legemiddelet i Noreg som har søvnforstyrringar hos barn som indikasjon (4). Vi vurderer det difor slik at det er rasjonelt å prøve alimemazin først, dersom ein vurderer det som riktig å prøve slik behandling. For utdjupande informasjon om dokumentasjon for alimemazin hos barn, viser vi til den nylege RELIS-artikkelen «Alimemazin som sovemiddel til barn» (5).
Når det gjeld mareritt spesifikt, manglar det evidens for farmakologisk behandling hos barn (8,9). Dette gjeld særskilt ved idiopatiske mareritt. Ved PTSD-relaterte mareritt vert det opna opp for at legemiddel kan ha ein plass i behandlinga.
Ved behov for behandling av mareritt er psykoterapeutiske metodar tilrådd (9). Viser til artikkel i Tidsskrift for den norske psykologforening for meir informasjon. Føreslår også at Nasjonal kompetansetjeneste for søvnsykdommer kan kontaktast ved behov for diskusjon.
- Läkemedelsverket. Preparatomtale (SPC) Propavan. https://lakemedelsverket.se/ (Sist endret: 15. september 2014).
- Läkemedelsverket. Sömnstörningar hos barn – bakgrundsdokumentation. https://lakemedelsverket.se/ (Publisert: 2015).
- Läkemedelsverket. Sömnstörningar hos barn och ungdomar. Behandlingsrekommendation 2014. https://lakemedelsverket.se/ (Sist oppdatert: april 2022)
- Norsk elektronisk legehåndbok. Søvnproblemer hos barn. https://legehandboka.no/ (Sist endret: 20. april 2022).
- Dahle KH, Truong MBT. Alimemazin som sovemiddel til barn. https://www.relis.no/ (Publisert: 29. mars 2022).
- Slørdal L, Bramness JG. Er alimemazin et egnet søvnmiddel for barn? Tidsskr Nor Laegeforen 2008; 128(19): 2194-2196.
- Norsk barnelegeforening. Pediatriveileder. Generell veileder. Behandling av søvnsykdommer - medikamentelle tiltak. (Revidert 2019).
- RELIS database 2022; spm.nr. 231, LÄIF. (www.svelic.se)
- Pallesen S, Bjorvatn B, Grønli J. Behandling av mareritt: En oversikt over randomiserte behandlingsstudier. https://psykologtidsskriftet.no/ (Publisert: 2. september 2016).