

Påvirkning av allergimedisiner på blodprøve ved allergiutredning
Fråga: Fastlege spør om bruk av allergimedisin, både systemisk og lokal, kan påvirke resultatet av IgE-blodprøver for allergi
Svar: Ein av fordelane med IgE-testing at prøvesvara ikkje vert påverka av antihistaminer (1, 2). IgE vert produsert av plasmaceller, produksjonen er genetisk betinga og vert påvirka av presentasjon av allergenet til cellene, dette vert ikkje påvirka av allergimedisinar. Unntaket er legemiddelet omalizumab som er eit monoklonalt antistoff som binder IgE og hindrar binding av IgE til plasmaceller, og dermed reduserer allergiske reaksjonar (3).<br> <br>Vi minner om at IgE-testing har god sensitivitet, men dårleg spesifisitet. Det betyr at ein i stor grad kan utelukke allergi ved negativ test, mens mange positive testar vil vere falske positive. Ingen testar kan påvise allergi, men kan saman med typiske kliniske symptom og teikn styrke ei allergidiagnose og sannsynleggjere mekanisma for ein allergisk reaksjon (4).<br>
Referenser:- Norsk elektronisk legehåndbok. Matallergi og -intoleranse. https://legehandboka.no/ (Sist endret: 04. mars 2021
- Burks W. Diagnostic evaluation of IgE-mediated food allergy. Version: 30.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 13. mai 2021).
- Stokes J. The biology of IgE. Version: 17.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 08. oktober 2020).
- Norsk barnelegeforening. Pediatriveileder. Generell veileder. Allergologisk diagnostikk. (Revidert 2020).