Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


P-stav og blødingar



Fråga: Lege har pasient som har hatt etonogestrel implantat (Nexplanon, p-stav) i fleire år. I denne perioden har pasienten ikkje hatt blødingar før den siste 1,5 månaden, der kvinna har hatt tilnærma kontinuerlig bløding. Pasienten ynskjer ikkje behandling med p-piller mot blødingar grunna tidlegare biverknadar. Lege spør om RELIS har forslag til behandling eller om det vil ha noko for seg å byte til ny p-stav?

Svar: RELIS har relativt nyleg svart på spørsmål om behandling av blødingar hos pasientar med p-stav og spiral (1). Her vert det oppgjeve at uregelmessige blødingar er ein velkjent biverknad ved bruk av gestagenpreparat, men at mekanismane bak ikkje er fullstendig klarlagt. Den optimale behandlingsstrategien ved uregelmessige blødingar er heller ikkje kjent eller godt undersøkt (1).

I norske anbefalinger (eMetodebok for seksuell helse) er p-piller med 30 µg etinyløstradiol (Microgynon, Oralcon, Melleva) det einaste føreslåtte alternativet ved behov for behandling av uregelmessige blødingar (2). Også ulike internasjonale kjelder foreslår kombinasjons p-piller som aktuell behandling (3,4). P-pillene kan takast med pausar eller brukast kontinuerlig i tre månadar, utan pausar mellom bretta (2).

Internasjonalt foreslår nokre kjelder også at etinyløstradiol aleine kan forsøkast (3,4). Andre kjelder føreslår østradiol peroralt 2 mg daglig i ei veke (5). Om dette er eit alternativ for den aktuelle kvinna vil avhenge av kva type biverknadar som er årsak til at ho ikkje ynskjer kombinasjons p-piller.

NSAIDs vert føreslått som eit alternativ utan hormon (3,4). Verdas helseorganisasjon foreslår konkret ibuprofen og mefenamsyre som er vist å vere moderat effektive (4). Ei kjelde foreslår dosering av 400-800 mg ibuprofen tre gongar dagleg i 5 til 10 dagar (5).

I ei kjelde er det også nemnt at det er begrensa evidens for bruk av levonorgestrel 0,03 mg gitt aleine to gongar dagleg i 20 dagar frå 8. dag med bløding (3). Mifepriston er også nemnt som eit alternativ for å stoppe blødingsepisodar, men det er oppgjeve at dette ikkje er rutine i klinisk praksis. Ein bør også vere merksam på fare for påverknad av effektiviteten til prevensjonsmiddelet ved bruk av mifepriston (3).

Vi gjer merksam på at preparat med etinyløstradiol aleine, mefenamsyre og levonorgestrel aleine i dose på 0,03 mg ikkje er godkjent i Noreg, noko som gjer slik behandling mindre aktuell.

Dersom aktuelle tiltak av dei som vert vist til over ikkje har effekt, vert det føreslått å byte til annan prevensjon (2-4). Å byte til ny p-stav er ikkje noko vi finn nemnd som eit alternativ i kjeldene vi har undersøkt. Vi tenkjer heller ikkje at det er sannsynleg at dette vil hjelpe for plagene pasienten har.

Vi minner også om at andre årsaker til bløding bør utelukkast. Det gjeld både seksuelt overførbare infeksjonar og annan sjukdom som kan gje slike symptom (2-4).

Referenser:
  1. RELIS database 2022; spm.nr. 7037, RELIS Nord-Norge. (www.relis.no)
  2. Sex og Samfunn. eMetodebok for seksuell helse. Gestagenpreparater. https://www.emetodebok.no/ (Lest: 23. juni 2022).
  3. FSRH Clinical Effectiveness Unit (CEU). FSRH Clinical Guideline: Problematic Bleeding with Hormonal Contraception. https://www.fsrh.org/home/ (Publisert: 1. juli 2015).
  4. Worlds Health Organization. Selected practice recommendations for contraceptive use. https://www.who.int/publications/ (Publisert: 2016).
  5. Edelman A, Kaneshiro B. Evaluation and management of unscheduled bleeding in individuals using hormonal contraception. Version 48.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 16. Februar 2022).