Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Hyaluronsyre-filler ved samtidig bruk av metotreksat



Fråga: Ein pasient med revmatoid artritt bruker metotreksat-injeksjon (Metex). Pasienten har ein del rynker rundt munnen og opplev at dette bidreg til sikling. Pasienten har ved to høve fått satt botulinumtoksin type A (Botox) lateralt for leppene med god effekt på sikling. Det er no ønskjeleg å få satt hyaluronsyre-filler (Restylane) med same indikasjon, men klinikken er usikker på slik injeksjon er forlikeleg med at pasienten bruker metotreksat? Spørsmål frå lege.

Sammanfattning: Vi kan ikkje finne at injeksjon med hyaluronsyre-filler (Restylane) er uforlikeleg med samtidig bruk av metotreksat-injeksjonar for revmatoid artritt. Noko litteratur trekk fram at underliggjande autoimmun sjukdom kan auke risikoen for enkelte komplikasjonar av hyaluronsyre-fillers, men kunnskapsgrunnlaget er sparsamt.

Svar: Restylane finst som ei rekkje produkt, men hovudingrediensen er hyaluronsyre. Nokre produkt inneheld òg lidokain (1).

Det eksisterer ikkje kjende interaksjonar mellom Restylane og metotreksat (2, 3). Vi finn heller ikkje at samtidig bruk med metotreksat er kontraindisert, men i produktmonografien til Restylane og tilsvarande produkt, oppgjevast det at ein skal vere varsam med å bruke det til pasientar som behandlast med immunsuppressiva (1).

Varsemdsregelen knytta til immunsuppressiva har bakgrunn i at injeksjon av fillers medfører infeksjonsrisiko, men vi har ikkje funne litteratur som tilseier at pasientar som bruker metotreksat har høgare risiko for infeksjonskomplikasjonar etter bruk av hyaluronsyre-fillers.

Noko litteratur trekk fram at det knyttast usikkerheit til om pasientar med autoimmune sjukdommar, som til dømes revmatoid artritt og hypotyreose, har større risiko for enkelte komplikasjonar etter hyaluronsyre-fillers. Det framgår at risikoen for subkutane knutar etter injeksjon av hyaluronsyre-fillers kan synast å vere noko auka hos pasientar med autoimmune sjukdommar. Risiko for forverring av den underliggjande autoimmune sjukdommen synast å vere teoretisk og er ikkje vist. Ingen av artikkelforfattarane frårådar bruk av hyaluronsyre-fillers til pasientar med autoimmun sjukdom, men dei understreker at kunnskapsgrunnlaget er sparsamt (4-7).

Referenser:
  1. Lexicomp in UpToDate. Hyaluronate derivatives: Drug information. https://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: 26. juli 2022).
  2. Baxter K, Preston CL, editors. Stockleys Drug Interactions (online). https://www.medicinescomplete.com/ (Søk: 26. juli 2022).
  3. Lexi-Interact in Lexicomp in UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: 26. juli 2022).
  4. Adamczyk K, Rusyan E, Franek E. Safety of aesthetic medicine procedures in patients with autoimmune thyroid disease: A literature review. Medicina (Kaunas) 2021; 58(1): 30.
  5. Creadore A, Watchmaker J et al. Cosmetic treatment in patients with autoimmune connective tissue diseases: Best practices for patients with lupus erythematosus. J Am Acad Dermatol 2020; 83(2): 343-63.
  6. Gonzalez CD, Pamatmat JJ, Goff HW. Safety and efficacy of dermal fillers in patients with connective tissue disease: A review. Dermatol Surg 2021; 47(3): 360-4.
  7. Reitblat O, Lerman T, Reitblat T. AB1349 Safety and effectiveness of cosmetic minimaly invasive procedures among patients with systemic autoimmune disease. Ann Rheum Dis 2018; 77(Suppl2): 1763.