

Oppstart valaciklovir ved herpes genitalis
Fråga: Helsestasjonslege har sett på dei norske retningslinjene for behandling av herpes genitalis og har sett at ein anbefaler behandling av alle primærutbrot. Legen meiner å ha lært at det ikkje er noko effekt av å starte behandling 72 timer etter symptomdebut. Er det hold i retningslinjene sine anbefalinger?
Sammanfattning: Alle med primærutbrot av genital herpes bør få behandling, og så tidleg som mogleg. Dess tidlegare ein startar behandlinga, dess raskare vil ein ha effekt. Vi har ikkje funne studiar som undersøker effekt ved behandlingsoppstart etter 72 timar. Residivutbrot bør behandlast tidleg i forløpet, men dersom plagene er store kan ein starte opp med behandling seinare i forløpet.
Svar: Valaciclovir er angjeve som antiviral behandling ved genital herpes i norske retningslinjer, og som spørsmålsstiller påpeiker er det ikkje noko tidsbegrensing på behandlingsoppstart ved primærutbrot (1). I preparatomtala (SPC) til valaciclovir er det heller er ikkje oppgitt noko tidsbegrensing i forhold til oppstart av behandling ved genital herpes (2).
Alle retningslinjene vi har undersøkt anbefaler oppstart av peroral antiviral behandling så tidleg som mogleg ved primærutbrot. (1, 3, 4). Ei britisk retningslinje angjev at peroral antiviral behandling ved primærutbrot og residivutbrot bør starte innan 48-72 timar etter oppstart av symptom, men alle pasientar skal tilbys behandling (5).
Vi har ikkje funne studiar som ser på effekten av behandlingsoppstart etter 72 timar.
Antiviralia mot herpesinfeksjonar forkorter symptomvarigheta, men eradikerer ikkje viruset (4). Rasjonalet er at dess tidlegare ein startar behandlinga, dess meir kan ein forkorte symptomvarigheita.
For gjentakande infeksjonar anbefaler WHO og CDC behandling, men at behandlinga bør startast i løpet av dei første 24 timane (3, 4). eMetodebok for seksuell helse anbefaler behandling av residiv tidleg i forløpet eller dersom plagene er store (1).
Referenser:- Sex og Samfunn 2022. eMetodebok for seksuell helse. 3.10. Genital herpes. https://www.emetodebok.no/ (Sett: 07. september 2022).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Valtrex. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 01. november 2021).
- Centers for Disease Control and Prevention (CDC). Sexually Transmitted Diseases Treatment Guidelines 2021. Genital HSV Infections. https://www.cdc.gov/std/treatment-guidelines/herpes.htm (Siste oppdatert: 22. juli 2021).
- WHO Guidelines for the Treatment of Genital Herpes Simplex Virus. Geneva: World Health Organization; 2016. 4, Reccomendations for treatment of genital herpes simplex virus. Tilgjengeleg frå: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/NBK396233/
- Azwa A, Barton SE. Aspects of herpes simplex virus: a clinical review BMJ Sexual & Reproductive Health 2009; 35: 237-242
