Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Opioid og hostedemping



Fråga: Lege i allmenpraksis spør om det fins anna effektiv hostedempande, no som det er mangel på etylmorfin (Cosylan, Solvipect Comp). Kva med å bruke andre opioid som har smertestillande indikasjon, vil det dempe hoste tilsvarande? Og kva vil doseringa vere?

Sammanfattning: Opioid verkar hostestillande ved å bryte hosterefleksen sentralt. Dokumentasjonen av effekt av opioid mot hoste er mangelfull, men klinisk erfaring tilseier at enkelte pasientar kan oppleve ein nytte. Bruken bør avgrensast til under ei veke ved akutte tilstandar med plagsam irritasjonshoste. Opioid har ein biverknadsprofil og eit misbrukspotensial som tilseier at føreskrivinga av slike preparat bør vere restriktiv.

Svar: Alle opioid verkar hostestillande ved å bryte hosterefleksen sentralt. Med unntak av noskapin har alle middel i denne gruppa narkotiske eigenskapar, som medfører ein biverknadsprofil og eit misbrukspotensial som tilseier at føreskrivinga av slike preparat bør vere restriktiv (1).

Bruken bør avgrensast
Av opioid med hoste som godkjend indikasjon marknadsførast det i Noreg per i dag etylmorfin (Colsylan, Solvipect Comp), hydrokodon, kodein og noskapin i tillegg til eit kombinasjonspreparat med etylmorfin og kodein (Sterk hostesirup NAF). Noskapin er reseptfritt, kodein og etylmorfin i reseptgruppe B og hydrokodon i gruppe A (2, 3). For kodein og hydrokodon ligg dosering ved hoste nær oppgitt (start)dosering ved smerte (1-4).

Noskapin har relativt svak hostedempande effekt, men bør i følgje Norsk legemiddelhandbok forsøkast før middel med sterkare hostestillande effekt som kodein, etylmorfin og hydrokodon. Preparat med berre eitt verkestoff anbefalast framføre kombinasjonspreparat. Bruken bør avgrensast til under ei veke ved akutte tilstandar med plagsam irritasjonshoste (1).

Svak dokumentasjon
Akutt hoste i samband med øvre luftvegsinfeksjon førekjem hyppig. De er likevel mangel på studiar av god kvalitet der ein har undersøkt nytten av medikamentell behandling av denne tilstanden. Kva gjeld opioid, er dokumentasjon av effekt og nytte av til dømes kodein og etylmorfin svak (5). Enkelte pasientgrupper vil likevel kunne ha nytte av desse opioida, men sett i samanheng med biverknadsprofil og misbrukspotensialet bør som nemnt føreskrivinga av slike preparat vere restriktiv (5). Med tanke på bruksmønster har kodein vore mykje brukt til behandling av hoste internasjonalt, medan noskapin og etylmorfin ikkje er særleg omtala i internasjonal litteratur (6).

Ikkje til barn
RELIS har tidligare omtala bruk av hostedempande opioid til barn og det er fleire som ikkje tilrår dette sjølv om det er doseringar i preparatomtalane ned til 2 års-alder. Mellom anna frårådar FDA bruk av opioid mot hoste til alle under 18 år (7).

Referenser:
  1. Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Legemidler ved hoste. http://legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: 6. juni 2017).
  2. Felleskatalogen. ATC-register. R05D A Opiumsalkaloider og derivater. https://www.felleskatalogen.no/ (Lest: 29. september 2022).
  3. Apotekforeningen. NAF-preparater.https://www.apotek.no/ (Lest: 29. september 2022).
  4. Lexicomp in UpToDate. Hydrocodone: Drug information. https://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: 29. september 2022).
  5. Småbrekke L, Melbye H. Medikamentell behandling av akutt hoste. Tidsskr Nor Legeforen 2009; 129(10): 998-9.
  6. Weinberger SE. Evaluation and treatment of subacute and chronic cough in adults. Version 23.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 10. august 2022).
  7. Brenden R, Dahle KMH. Hostedempende opioider som Cosylan og Solvipect comp til barn? Utposten 2020; 49(1): 46-7. https://www.utposten.no/journal/2020/1/m-1279/Hostedempende_opioider_som_Cosylan_og_Solvipect_comp_til_barn