

Svart spisskummenolje (svartfrøolje) og immunsuppressiva
Fråga: Ein pasient spør om det går greit å bruke svart spisskummenolje saman med immunsuppressiva. Vedkomande brukar prednisolon, takrolimus og mykofenolat i forbindelse med organtransplantasjon. Spørsmålsstillar har sjølv funne informasjon om at svart spisskummenolje kan auke interferon-nivå og B-celleproduksjon hjå hestar, utan at det ser ut til å vere ytterlegare dokumentert. Veit RELIS noko meir om dette? Spørsmål frå lege.
Sammanfattning: Vi vil fråråde bruk av svartfrøolje ( Nigella Sativa) hjå denne pasienten. Sjølv om moglege positive effektar på immunsystemet er omtalte i litteraturen, er dokumentasjonsgrunnlaget tynt, og ikkje inkludert i tradisjonell terapeutisk bruk av svartfrøolje. Samstundes er det ein teoretisk risiko for interaksjon med viktig behandling med immunsuppressiva. Vi anbefaler på generelt grunnlag at organtransplanterte pasientar ikkje brukar plantebaserte produkt.
Svar: Dokumentasjon på effekt Svart spisskummenolje er det same som svartfrøolje/Black Seed oil ( Nigella Sativa). Svartfrøolje-produkt sorterer under kosttilskot, og er juridisk sett matvarer. Kosttilskot har generelt sett ingen formelle krav til dokumentasjon av effekt, sikkerheit og kvalitet, og heller ingen krav til standardisering eller systematisk analysering av innhald (1).
Svartfrøolje er brukt som smakstilsetning, men er også i medisinsk bruk i fleire land (2). Tradisjonell bruk som er omtala i eit oppslagsverk inkluderer ikkje immunstimulering eller immunbeskyttande aktivitet (2).
Ein oversiktsartikkel frå eit kinesisk tidsskrift om naturmedisin oppsummerer terapeutisk bruk og farmakologiske effektar av svartfrø ( Nigella Sativa) (3). Her er mellom anna immunbeskyttande aktivitet omtalt, og moglege mekanismar foreslått, inkludert reduksjon av B-celle-mediert immunitet, stimulering av T-celler, stimulering av makrofagar og Th1/Th2-modulering. Evidensgrunnlaget er dyre- (rotter og mus) og in vitro-studiar, og det er ikkje omtalt terapeutisk bruk eller doseringsforslag hjå menneske (3). Oversiktsartikkelen har mange svakheiter, og svært liten nytteverdi når det gjeld terapeutisk bruk hjå menneske. Dette er i samsvar med annan litteratur som vi har undersøkt om Nigella sativa og effektdokumentasjon på immunstimulering/immunbeskyttande effektar.
Moglege interaksjonar med immunsuppressiva
Svartfrøolje kan teoretisk sett interagere med immunsuppressiv behandling. Svartfrøolje kan, som allereie omtala, moglegvis stimulere immunfunksjonen. Enkelte dyrestudiar har derimot antyda at svartfrø kan undertrykke immunfunksjonen. På bakgrunn av dette anbefaler eit oppslagsverk om naturmiddel å utvise forsiktigheit ved eventuell kombinasjon av immunsuppressiv behandling med svartfrøolje (2).
RELIS har ved fleire tidlegare høve svara på henvendingar om bruk av svartfrøolje saman med ulike legemiddel. Vi rår vanlegvis til å unngå samtidig bruk, basert på eit føre-var-prinsipp (4-6). I dette tilfellet er pasienten organtransplantert, og konsekvensar av terapisvikt vil vere alvorlege. Pasienten tilhøyrer dermed ei pasientgruppe der vi på generelt grunnlag vil fraråde behandling med plantebaserte produkt (1, 7).
Referenser:- Fleiner HF. Roland PDH. Plantebaserte produkter - hva vet vi? Utposten 2017; 46(2): 52-4.
- Natural Medicines. Black seed. https://naturalmedicines.therapeuticresearch.com/ (Sist oppdatert: 31. mars 2022).
- Kooti W, Hasanzadeh-Noohi Z et al . Phytochemistry, pharmacology, and therapeutic uses of black seed (Nigella sativa). Chin J Nat Med. 2016 Oct 14(10): 732-45.
- RELIS database 2022; spm.nr. 14964, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no).
- RELIS database 2021; spm.nr. 13868, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no).
- RELIS database 2021; spm.nr. 14965, RELIS Vest. (www.relis.no).
- Nergård CS, Roland PDH. Hvordan gi råd om bruk av plantebaserte produkter? Nor Farmaceut Tidsskr 2019; 127(8): 31-3.
