Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Poliovaksine ved reise til endemisk område



Fråga: Ein fastlege spør om det er anbefalt med ny dose Boostrix Polio til to vaksne som skal reise til Pakistan, og som fekk førre dose Boostrix Polio for 5 år sidan? Den eine skal vere i Pakistan i 3 veker, den andre i over 4 veker. Dersom ja, held det at fastlegen stadfestar dette i fritekst og signerer/stemplar? Legen har forsøkt å få svar på aktuell problemstilling frå Folkehelseinstituttet, utan hell.

Sammanfattning: Gjeldande krav er at personar som skal opphalde seg i Pakistan i meir enn 4 veker, skal vaksinerast mellom 4 veker og 12 månader før ein forlet landet for å hindre spreiing av smitte. Dette er eit unntak frå regelen om at ny vaksinedose er tilrådd etter ≥10 år. I det aktuelle tilfellet gjeld kravet for ein av personane, men det er ikkje noko i vegen for å vaksinere begge. Vaksinasjon kan gjerast med rein poliovaksine eller kombinasjonsvaksine. Vaksinasjonen må dokumenterast med internasjonalt vaksinesertifikat (gult vaksinasjonskort) i tråd med gjeldande reguleringar gjeve av Verdas helseorganisasjon.

Svar: Bakgrunnen for spørsmålet er at legen har lese på Folkehelseinstituttet sine nettsider at Verdas helseorganisasjon (WHO) krevjer at "land som har risiko for å eksportere vilt poliovirus eller vaksinederivert polio type 1 eller 3 skal påse at alle som reiser ut fra landene har fått poliovaksine" (1). Pakistan er lista som eitt av landa der det er utbrot av vilt poliovirus, i tillegg har dei førekomst av vaksinederivert poliovirus type 2 (1).

Generelt for poliovaksinasjon gjeld at boostervaksinasjon av vaksne som tidlegare er grunnvaksinert er aktuelt når det er gått 10 år eller meir siden førre vaksinedose. Det er likevel unntak frå denne regelen når ein reiser til land med pågåande polioutbrot (2). Då gjeld, som legen har lese, at reisande/besøkande som skal opphalde seg i landet over 4 veker skal ha fått poliovaksine mellom 4 veker og 12 månader før ein forlet landet der polioutbrot er pågåande. Dette for å hindre at besøkande tar med seg smitte ut av landet (1). Avhengig av kor ein skal i landet og kven ein kjem i kontakt med, kan det likevel vere tilrådeleg å vaksinere besøkande på kortare opphald enn 4 veker (3).

Vaksinasjonsrådet gjeld for personer i alle aldre, og vaksinasjonen må dokumenterast med internasjonalt vaksinesertifikat (1). Internasjonalt vaksinesertifikat er også kjent som gult vaksinasjonkort og kan bestillast av helsepersonell frå Folkehelseinstituttet. For å vere gyldig må vaksinesertifikatet vere utfylt med personopplysningar, namnet på og dato for vaksinasjon, samt signert og stempla av legen (4). For meir detaljerte føringar viser vi til Annex 6 i International Health Regulations (IHR 2005) (5).

Poliovaksina finst som rein poliovaksine (Imovax Polio) og som kombinasjonsvaksine mot difteri, kikhoste og tetanus (Boostrix Polio, Repevax, Tetravac) eller som kombinasjonsvaksine mot difteri, kikhoste, tetanus, Haemophilus influenzae B og hepatitt B (Infanrix hexa). Også for difteri, kikhoste og tetanus er boostervaksinasjon aktuelt når det har gått ≥10 år, men det er ikkje problematisk å revaksinere med kombinasjonsvaksina Boostrix Polio før dette, dersom ønskjeleg. Alternativt kan ein nytte rein poliovaksine (Imovax Polio).

Vi minner om at vaksinerådgjevingstelefonen for helsepersonell har telefontid 13.00-14.30 alle kvardagar. Rådgjeving utanfor oppsette telefontider er ikkje tilgjengeleg, anna enn per e-post (vaksine@fhi.no). Vaksinerådgjevinga til Folkehelseinstituttet har stor pågang for tida, og noko ventetid må påreknast, både ved telefonisk kontakt og e-post (3).

Referenser:
  1. Folkehelseinstituttet. Poliovaksinasjon ved opphold i land med polioutbrudd. https://www.fhi.no/sv/vaksine/reisevaksiner/om-polio-og-reise/ (Sist oppdatert: 27. juli 2022).
  2. Folkehelseinstituttet. Poliovaksine (poliomyelitt) - veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/nettpub/vaksinasjonsveilederen-for-helsepersonell/ (Sist oppdatert: 18. mai 2022).
  3. Helsesjukepleiar. Vaksinerådgjevingstelefonen, Folkehelseinstituttet, pers.medd. 26. oktober 2022.
  4. Folkehelseinstituttet. International Certificate of Vaccination or Prophylaxis Internasjonalt vaksinasjonssertifikat - WHO. https://www.fhi.no/publ/skjema/internasjonalt-vaksinasjonssertifik/ (Sist oppdatert: 3. juni 2022).
  5. World Health Organization. International Health Regulations (2005), 2nd ed. https://www.who.int/publications/i/item/9789241580410 (Publisert: 1. januar 2008).