Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Alternativ til drotaverin



Fråga: Ein kreftlege har behandlingsansvar for ein utanlandsk pasient som ønskjer preparatet No-Spa, som inneheld drotaverin. Kva alternativ finst, som er tilgjengeleg på den norske marknaden?

Svar: Drotaverin (No-Spa) marknadsførast som eit reseptfritt legemiddel i fleire land. RELIS har også tidlegare fått spørsmål om eventuelle alternativ til dette, både ved spesifikke indikasjonar og på generell basis (1, 2).

Drotaverin klassifiserast som eit spasmolytikum, og brukast for å dempe kramper/spasmer i den glatte muskulaturen i gastrointestinaltrakta, gallevegane eller urinvegane. Dysmenoré er også blant indikasjonane for drotaverin (3, 4). Legemiddelet gjevast anten peroralt, i dosar på 120-240 mg dagleg fordelt på fleire dosar, eller ved intramuskulær eller intravenøs injeksjon (3).

Drotaverin er ein fosfodiesterase 4-hemmar, som gjev relaksjon av glatt muskulatur gjennom auka nivå av syklisk adenosin monofosfat (cAMP) (4). RELIS har tidlegare vurdert at butylskopolamin, som er tilgjengeleg i Noreg, ikkje er eit eit likeverdig alternativ til drotaverin, då det i tillegg til å vere eit spasmolytikum, også har antikolinerg effekt (1).

Drotaverin liknar strukturelt på papaverin, ein anna antatt fosfodiesterasehemmar, men drotaverin har meir potent spasmolytisk aktivitet (4). Papaverin eller andre fosfodiesterasehemmarar er ikkje marknadsført i Noreg, men papaverin kan skaffast på godkjenningsfritak i oral formulering (5). Vi kjenner ikkje til indikasjonen for drotaverin til aktuell pasient, men papaverin har mange av dei same bruksområdene og antatt lik verknadsmekanisme.

Dersom fortsatt bruk av eit spasmolytikum synast føremålstenleg og uproblematisk kva gjeld pasientens andre underliggjande sjukdommar og legemiddel, kan papaverin vurderast som alternativ.

Referenser:
  1. RELIS database 2022; spm.nr. 9232, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
  2. RELIS database 2020; spm.nr. 14409, RELIS Vest. (www.relis.no)
  3. Brayfield A, editor. Martindale: The complete drug reference (online). Drotaverine. In: Micromedex® 2.0. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 23. august 2010).
  4. Drugbank. Drotaverine, ID: DB06751. https://go.drugbank.com/drugs/ (Lest: 15. desember 2022).
  5. Felleskatalogen AS. Legemiddel på godkjenningsfritak: Papaverin. https://www.felleskatalogen.no/medisin/ (Søk: 15. desember 2022).