Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Clopidogrel Actavis og eventuell forskjell frå andre klopidogrel-preparat



Fråga: Ein pasient har særskilt godkjenning for å bruke Clopidogrel Actavis. Farmasøyt finn ikkje at Clopidogrel Actavis er tilgjengeleg på den norske marknaden. Kva er forskjellen mellom Clopidogrel Actavis og andre klopidogrel-preparat som er tilgjengelege på den norske marknaden, til dømes Clopidogrel Vitaris?

Sammanfattning: Clopidogrel Actavis er vurdert som bioekvivalent og medisinsk likeverdig til andre klopidogrel-preparat på den norske marknaden. Det er enkelte forskjellar i innhaldet av hjelpestoff, men generelt sett skal hjelpestoff vere inerte og ikkje påverke verken effekt eller biverknader av legemiddelet. Kva som er årsaka til at pasienten særskilt må ha Clopidogrel Actavis, bør forsøkast avklarast med pasienten sin lege.

Svar: Clopidogrel Actavis er midlertidig utgått frå marknaden i Noreg, men har refusjon og er bytbar med Clopidogrel Accord, Clopidogrel Aristo, Clopidogrel Viatris, Clopidogrel Zentiva og Plavix (1).

Clopidogrel Actavis er bytbar med andre klopidogrel-preparat
Clopidogrel Actavis er altså vurdert å både vere bioekvivalent og medisinsk likeverdig til andre klopidogrel-preparat på marknaden.

Bioekvivalens vert oftast påvist ved at det vert gjort studiar etter felles europeiske retningslinjer. Eit generisk legemiddel vert rekna som bioekvivalent med originallegemidlet dersom 90 % konfidensintervallet for gjennomsnittsverdien av essensielle farmakokinetiske verdiar (vanlegvis AUC, Cmax og Tmax) ligg innanfor 0,8-1,25 av gjennomsnittsverdien til originallegemidlet. For at dette statistiske kravet skal verte oppfylt, må det vere svært godt samsvar mellom dei to undersøkte legemidla. Det statistiske kravet medfører i tillegg at det ikkje er mogleg med større skilnader i opptak mellom ulike forsøkspersonar, då spreiinga då ville verte for stor.

Når legemiddel er bioekvivalente er altså biotilgjengelegheita så lik at effekt og tryggleik i det store og heile er den same. Men - det er generelt ikkje krav om samanliknande studiar med andre generika på marknaden. Generiske legemiddel samanliknast med originalpreparatet. Dersom eitt generisk preparat sine gjennomsnittelege farmakokinetiske verdiar ligg i nedre del av intervallet til originallegemiddelet og eit anna generisk preparat ligg i øvre del, vil forskjellane i AUC, Cmax og Tmax kunne overskride -20 til +25 % endring ved byte. Då kan det tenkjast at pasienten vil kunne oppleve forskjell med tanke på biverknader og terapeutisk effekt ved byte mellom to generika.

Det kan sjølvsagt også vere tilfelle der enkeltpasientar kan vere særskilt sensitive for sjølv små endringar i AUC, Cmax og Tmax ved byte frå originalpreparat til generika.

Ulike hjelpestoff
Synonympreparat kan likevel ha forskjellar i innhaldet av hjelpestoff. Forskjellar mellom ulike synonympreparat kva gjeld hjelpestoff, finn ein i preparatomtalen (SPC) punkt 6.1. Ifølgje preparatomtalen til Clopidogrel Actavis inneheld tablettkjerna laktose, mikrokrystallinsk cellulose, krysspovidon type A, glyseroldibehenat og talkum. Filmdrasjeringa består av polyvinylalkohol, talkum, makrogol 3350, lekitin (E322), titandioksid (E171) og raudt jernoksid (E172) (2a).

Tablettkjernen til Clopidogrel Viatris inneheld hydroksypropylcellulose (E463), mannitol (E421), krysspovidon type A, sitronsyremonohydrat, makrogol 6000, mikrokrystallinsk cellulose, stearinsyre og talkum. Filmdrasjeringa består av hypromellose (E464), laktosemonohydrat, triacetin (E1518), titandioksid (E171) og raudt jernoksid (E172) (2b).

Sjølv om dei to preparata har ulikskapar i innhaldet av hjelpestoff, er utsjånaden på tablettane identisk, med unntak av at Clopidogrel Actavis har prega inn "II" på eine sida (3, 4).

Også for dei andre klopidogrel-preparata (Clopidogrel Accord, Clopidogrel Aristo, Clopidogrel Zentiva og Plavix) er det enkelte forskjellar i kva hjelpestoff dei inneheld samanlikna med Clopidogrel Actavis (2c-f).

Generelt skal hjelpestoff brukt i legemiddel vere inerte og verken påverke preparata sine effektar eller årsake biverknader. Det kan likevel ikkje utelukkast at enkelte pasientar kan reagere ulikt på forskjellige preparat, til dømes grunna allergi mot eitt eller fleire av innhaldsstoffa.

Årsak til at pasienten må ha Clopidogrel Actavis bør avklarast
Det er noko uklart kva som meinast med at pasienten har særskilt godkjenning for Clopidogrel Actavis. Viser dette til at legen har føreskrive Clopidogrel Actavis på godkjenningsfritak, sidan den per no ikkje er marknadsført i Noreg, eller at legen har reservert seg mot generisk byte? Dersom legen har reservert seg mot byte frå Clopidogrel Actavis til generika, kan det vere nyttig at årsaken til reservasjonen framkjem på resepten, slik at apoteket kan ivareta pasientens tryggleik på best mogleg måte.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Legemiddelsøk: Clopidogrel Actavis. https://www.legemiddelsok.no/ (Søk: 30. januar 2023).
  2. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Clopidogrel Actavis (Sist oppdatert: 18. september 2021), b) Clopidogrel Viatris (Sist oppdatert: 3. august 2022), c) Clopidogrel Accord (Sist oppdatert: 4. november 2022), d) Clopidogrel Aristo (Sist oppdatert: 24. februar 2021), e) Clopidogrel Zentiva (Sist oppdatert: 23. juni 2022), f) Plavix (Sist oppdatert: 20. desember 2022). https://www.legemiddelsok.no/
  3. Felleskatalogen. Clopidogrel Viatris - Legemiddelfoto. https://www.felleskatalogen.no/medisin/clopidogrel-viatris-689904#legemiddelfoto (Søk: 30. januar 2023).
  4. Pro.medicin.dk. Clopidogrel Actavis - Foto og identifikation. https://pro.medicin.dk/Medicin/Praeparater/4944#a180 (Søk: 30. januar 2023).