

DTP-IPV-Hib-Hep B-vaksine til eldre barn, ungdommar og vaksne
Fråga: Ein helsesjukepleiar i skulehelsetenesta lurer på om ein kan bruke seksvalent kombinasjonsvaksine mot difteri-stivkrampe-kikhoste-polio-hameophilus influenzae type B (Hib)-hepatitt B (Infanrix hexa) til oppvaksinering av større barn, ungdommar og vaksne? Helsesjukepleiaren oppgjev at vaksinerådgjevinga til Folkehelseinstituttet har gjeve motstridande svar på dette. Nokre har sagt at kombinasjonsvaksina kan brukast utan Hib-komponent (tørrstoff), andre har sagt at vaksina kan brukast, men at tørrstoffet må blandast inn. Atter andre har sagt at vaksina ikkje kan brukast, då den ikkje er godkjent til barn over 3 år. I vaksinasjonsrettleiaren, kapitlet om difterivaksine og difteriantitoksin står det "Kombinasjonsvaksinen kan også brukes ved forsinket vaksinasjon [7], men barn over 5 år trenger ikke Hib-vaksine" (1). Helesjukepleiaren meiner setninga er open for tolking og at det er uvisst kva som meinast med forseinka vaksinasjon. Helsesjukepleiaren har også forsøkt å sjå på referansen i den aktuelle setninga, men finn ikkje svar. Ho har heller ikkje funne svar i internasjonal referansar.
Sammanfattning: Infanrix hexa er berre tilgjengeleg som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, og kan nyttast ved grunnvaksinasjon/oppvaksinering av barn under 5 år, ifølgje vaksinasjonsrettleiaren til Folkehelseinstituttet. Bruk utanfor godkjent indikasjon (barn over 36 månader) skal vurderast og ordinerast av lege.
Barn over 5 år treng vanlegvis ikkje vaksine mot Hib (hameophilus influenzae type B), grunna at alle utviklar immunitet innan skulealder, men vaksinasjon kan vere aktuelt for barn utan miltfunksjon. Dersom ein ønskjer å oppvaksinere barn over 5 år, ungdommar eller vaksne, bør ein nytte fulldose firevalent vaksine mot difteri-stivkrampe-kikhoste og polio (DTP-IPV) og monovalent hepatitt B-vaksine, dersom aktuelt.
Svar: I vaksinasjonsrettleiaren, under overskrifta «Aktuelle kombinasjonsvaksiner i barnevaksinasjonsprogrammet», oppgjevast det at den seksvalente kombinasjonsvaksina (Infanrix hexa) er utvikla for grunnvaksinasjon av små barn, men at på indikasjon og etter vurdering og ordinering av lege, kan vaksina brukast til grunnvaksinasjon av eldre, uvaksinerte barn (2).
Vidare oppgjevast det at etter fylte 1 år, trengs berre éin dose vaksine mot Hib (hameophilus influenzae type B), og då kan ein nytte fulldose firevalent vaksine mot difteri-stivkrampe-kikhoste og polio (DTP-IPV) og enkeltkomponent hepatitt B-vaksine til eventuelle øvrige dosar (2). Som påpeika av spørsmålsstillar, er det også oppgjeve at den seksvalente kombinasjonsvaksina kan brukast ved forseinka vaksinasjon, men at barn over 5 år vanlegvis ikkje treng Hib-vaksine. Dette skuldast at alle utviklar immunitet innan skulealder (3). Vaksinasjon kan likevel vere aktuelt for barn utan miltfunksjon, då dei truleg har noko auka risiko for Hib-infeksjon. Førekomsten av Hib er likevel låg i Noreg (3, 4).
Infanrix hexa er ikkje tilgjengeleg for sal utanom barnevaksinasjonsprogrammet (5), og vaksinasjon av personar som ikkje omfattast av bestemmelsane for dette, bør derfor vaksinerast med anna vaksine. Til dømes er det oppgjeve at barn under 5 år, som kjem som asylsøkarar og flyktningar, fortrinnsvis bør tilbydast Infanrix, medan eldre barn bør tilbydast fulldose DTP-IPV-vaksine (Tetravac), alternativt same vaksine med lågare antigeninnhald, dtp-IPV (Repevax, Boostrix Polio), dersom det berre er behov for booster-dosar (6).
Generelt anbefalast vaksiner med høgt antigeninnhald til grunnvaksinasjon i alle aldrar, inkludert vaksne. Ved oppvaksinering av tidlegare uvaksinerte vaksne, bør dei altså vaksinerast med fulldose DTP-IPV-vaksine (Tetravac) og monovalent hepatitt B-vaksine, dersom aktuelt. Dersom det skulle oppstå mangel på vaksiner med høgt antigeninnhald kan det vere aktuelt å bruke vaksiner med lågt antigeninnhald også ved grunnvaksinasjon til friske vaksne (7).
Det er Folkehelseinstituttet som har ansvar for barnevaksinasjonsprogrammet i Noreg og utarbeider den faglege informasjonen rundt dette, inkludert informasjonen i vaksinasjonsrettleiaren. Dersom informasjonen som oppgjevast i vaksinasjonsrettleiaren framstår uklar, eller rådgjevinga framstår inkonsekvent, bør Folkehelseinstituttet gjerast merksam på dette og få høve til å presisere denne informasjonen. Det aktuelle spørsmål-svaret vart derfor også vidaresendt til vaksinerådgjevinga til orientering.
Referenser:- Folkehelseinstituttet. Difterivaksine og difteriantitoksin - veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 19. januar 2023).
- Folkehelseinstituttet. Aktuelle kombinasjonsvaksiner i barnevaksinasjonsprogrammet - veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 6. februar 2023).
- Folkehelseinstituttet. Hib-vaksine (Haemophilus influenzae type b) - veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 19. januar 2023).
- Folkehelseinstituttet. Vaksinasjon og manglende miltfunksjon - veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 12. januar 2023).
- Folkehelseinstituttet. Vaksinebestilling - Preparater og priser. https://www.fhi.no/sv/vaksine/bestilling/preparater-og-priser-/ (Sist oppdatert: 18. oktober 2022).
- Folkehelseinstituttet. Vaksinasjon av flyktninger og asylsøkere - veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 3. oktober 2022).
- Folkehelseinstituttet. Vaksinasjon av tidligere uvaksinerte voksne - veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 7. februar 2020).
