Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Allergi mot kvit vaselin, silikon og glyserin og bruk av kunstig tårevæske



Fråga: Ein augelege behandlar ein pasient med tørre auge, og legen ønskjer å føreskrive kunstig tårevæske i form av hypromellose (Hyprosan) og karbomer (Viscotears). Pasienten oppgjev å vere allergisk mot kvit vaselin, silikon og glyserin. Ifølgje Felleskatalogen innheld verken Hyprosan eller Viscotears dei nemnte allergena, men legen ønskjer å forsikre seg om at behandlingane kan brukast til denne pasienten.

Sammanfattning: Hyprosan og Viscotears inneheld ikkje noko av det pasienten oppgjev å vere allergisk mot. Vi kan likevel ikkje utelukke eventuelle reaksjonar, då hypersensitivitet mot denne typen stoff kan indikere at pasienten er særskilt sensitiv for reaksjonar ved topikale/okulære behandlingar.

Svar: Vi kan heller ikkje sjå at dei to preparata inneheld kvit vasilin, silikon-forbindelsar eller glyserin, kva gjeld verkestoff, hjelpestoff eller emballasje (1).

Når det er sagt, reknast kvit vaselin, silikon og glyserin generelt som inerte stoff, som er ikkje-irriterande og ikkje-sensibiliserande. Hypersensitivitet ovanfor desse er derfor sjeldan, og kjem som oftast til uttrykk som allergisk kontaktdermatitt (2-7). Vi har ikkje funne informasjon om eventuell kryssreaktivitet ved denne typen allergiar, men pasientar som reagerer på slike stoff kan vere ekstra sensitive for å reagere på ulike typar topikale formuleringar.

Dersom ein treng vidare rettleiing i høve til pasientens oppgjevne allergiar, tilrår vi å kontakte Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO).

Bakgrunnslitteratur
Kvit vaselin (petrolatum) er utvunne frå petroleum, og består hovudsakleg av ein reinsa blanding av halvfaste, metta hydrokarbon (8a). Allergena i petrolatum er funne å mest sannsynleg vere polysykliske aromatiske hydrokarbon, som reknast som forureiningar i produktet, og som kan vere tilstades i ulik mengde avhengig av petroleumskjelda og reinsingsprosessane som brukast (2).

Glyserin er en treverdig alkohol-forbindelse, som finst i alle feittstoff, inkludert animalsk og vegetabilsk feitt (8b). Patofysiologien til glyserin-hypersensitivitet synast å fortsatt vere ukjend (4).

Silikon er ikkje eitt stoff, men refererer til gruppa polysiloksan der ulike organiske grupper kan inngå i strukturen (9). Kva gjeld hypersensitivitet mot silikon, synast det å vere kontroversar knytta til denne, då fleire meiner at hypersensitiviteten ikkje direkte knyttast til silikon, men til andre typar antigen assosiert med silikonmaterialet (6, 7).

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Hyprosan (Sist oppdatert: 19. februar 2021), b) Viscotears (1. juli 2019). https://www.legemiddelsok.no/
  2. Tam CC, Elston DM. Allergic contact dermatitis caused by white petrolatum on damaged skin. Dermatitis 2006; 17(4): 201-3.
  3. Suzuki R, Fukuyama K et al. Contact urticaria syndrome and protein contact dermatitis caused by glycerin enema. JAAD Case Rep 2016; 2(2): 108-10.
  4. Kajita N, Kanamori K et al. Generalized urticaria caused by a glycerin enema in an infant. J Investig Allergol Clin Immunol 2022; 32(4): 318-9.
  5. Sarre ME, Guérin-Moreau M et al. Allergic contact cheilitis caused by polysilicone-15 (Parsol® SLX) in a lipcare balm. Contact Dermatitis 2014; 70(2): 119-21.
  6. Prasad A, Reeder MJ. Allergic contact dermatitis to silicone in a continuous positive airway pressure mask. Contact Dermatitis 2021; 84(6): 460-2.
  7. Hall BJ, Jones LW et al. Silicone allergies and the eye: fact or fiction? Eye Contact Lens 2014; 40(1): 51-7.
  8. Pharmaceutical excipients. a) Petrolatum, b) Glycerin. In: Medicines Complete. https://www.medicinescomplete.com/ (Sist revidert: 18. januar 2023)
  9. Store norske leksikon. Silikon. https://snl.no/silikon (Sist oppdatert: 7. februar 2019).